Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk  

ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk

Kode
ME6-200

Norsk namn
Samfunnsvitskapleg metode og statistikk

Engelsk namn
Methods of Social Research and Statistics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, reiselivsledelse, eiendomsmegling og fornybar energi.


Semester
Haust

Forkunnskapar

Ingen spesielle, men det er ein fordel å ha gjennomgått kurset MA 6-100, Matematikk.

Innhald/oppbygging

I statistikkdelen kjem vi til å behandle både analytisk og beskrivande statistikk. Rekneark (EXCEL) vil vere eit nødvendig hjelpemiddel.

Metodedelen startar med ei innføring i vitskapsteori og forskingsetikk. Så vil vi ta føre oss alle fasane i eit empirisk forskingsprosjekt, frå utvikling av problemstilling til skriving av sluttrapport. Det vil bli undervist både i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode.Delar av undervisninga vert organisert som seminar der studentane må delta aktivt. Studentane skal jobbe med å utarbeide forskingsskisse til eiga bacheloroppgåve på desse samlingane og vil få rettleiing knytt til sitt eige fagområde.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, oppgåveløysing og dataøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha fullført statistikkdelen skal studentane kunne nytte både parametriske og ikkje-parametriske metodar for å analysere eit kvantitativt datamateriale. Studentane skal og kunne gjennomføre ein multippel regresjonsanalyse og vere i stand til å tolke resultata.

Etter å ha fullført metodedelen, skal studentane vere innforstått med grunnprinsippa innanfor tradisjonell forskingsmetode knytt til økonomisk-administrative problem. Dei skal også vere i stand til å gjennomføre enkle undersøkingar og skrive prosjektoppgåve under rettleiing.

Arbeidskrav

To oppgåver. Der eitt arbeidskrav knytt til utarbeiding av forskingsskisse og eitt arbeidskrav er knytt til insamling av data; vi legg opp til gruppeinnlevering med maksimalt tre personar per gruppe.

Sluttvurdering

HE Ein individuell heimeeksamen over fire dagar. Bokstavkarakterar.

Pensum

Geir Gripsrud,  Ulf Henning Olsson og Ragnhild Silkoset: Metode og dataanalyse - med fokus på beslutninger i bedrifter, 2. utg. Høyskoleforlaget, Kristiansand, 2010.

Jon Gunnar Nesse og Veronika Trengereid: Samfunnsvitskapleg metode - kvalitativ metode. Undervisningskompendium HSF, Sogndal, 2010.

Fred Wenstøp: Statistikk og dataanalyse, 9. utg. Universitetsforlaget i Oslo, 2006.

Pensum sist oppdatert av
Veronika Trengereid

Pensum sist oppdatert dato
01.07.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
21.06.2010