MA6-100 Matematikk

Kode
MA6-100

Norsk namn
Matematikk

Engelsk namn
Mathematics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, eiendomsmegling, fornybar energi og 1-årig studium i bedriftsøkonomi.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Emnet byggjer på forkurs i matematikk eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

Funksjonar av ein og fleire variablar, derivasjon, integrasjon, optimeringsteknikkar, rekkjer og logaritmar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • Forstå og kunne bruke funksjonsbegrepet
  • Kunne løyse oppgåver med ulike typar funksjonar, t.d. lineære, kvadratiske, rasjonale funksjonar og potensfunksjonar
  • Kunne løyse likningar og ulikskapar der funksjonane inngår
  • Kunne derivere funksjonar av ulike typar, også samansette funksjonar
  • Forstå kva derivasjon kan brukast til, både i matematikk-kurset, seinare i studiet og i arbeidslivet
  • Forstå grunnleggjande integrasjon
  • Meistre rekning med logaritmar og eksponensialfunksjonar, og rekneoppgåver som inneber bruk av geometriske og aritmetiske rekkjer (t.d. utrekning av terminbeløp for serielån og annuitetslån)
Arbeidskrav

Det skal leverast inn inntil tre oppgåvesett til godkjenning. Oppgåvesetta kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Alle trykte og skrivne. Kalkulator (programmerbar).

Pensum

Bjørnestad, Olsson, Søyland, Tolcsiner: Matematikk for økonomi og samfunnsfag, 8. utgåve.

Sist revidert av
Torbjørn Årethun

Sist revidert dato
16.03.2010