Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / KA692 Bacheloroppgåve i økonomi og administrasjon  

KA692 Bacheloroppgåve i økonomi og administrasjon

Kode
KA692

Norsk namn
Bacheloroppgåve i økonomi og administrasjon

Engelsk namn
Bachelor´s thesis

Undervisningsspråk
Norsk og engelsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne i 6. semester i økonomi og administrasjon.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Bacheloroppgåva representerer ei oppsummering og avslutning av bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Berre ordinære studentar, eller andre studentar som har avlagt minst 120 studiepoeng på studiet, har høve til å følgja emnet.

Innhald/oppbygging

Emnet er sett saman av eit sjølvstendig skriftleg gruppearbeid (bacheloroppgåva), og rettleiing og seminar knytte til bacheloroppgåva. Det er utarbeidd eit eige reglement for bacheloroppgåva. Studentane er pliktige til å setje seg inn i dette reglementet. Normalt skal tre studentar gå saman om å levere ei felles bacheloroppgåve. Kvar gruppe vert tildelt ein rettleiar. Rettleiaren vil i utgangspunktet vere ein av dei fagtilsette på studiet. I særskilte høve kan det nemnast opp eigen rettleiar etter godkjenning frå studieleiar.

Det blir organisert to seminar:

Oppstartseminar: tek føre seg planlegging av arbeidet med bacheloroppgåva, akademisk skriving, repetisjon av metode og forskingsdesign

Midtvegsseminar: med hovudfokus på analyse av data og sluttføring av bacheloroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid frå studentane si side, der dei sjølve har ansvar for det kvalitetsnivået dei vil leggja seg på i arbeidet. Rettleiing blir gjeve etter avtale med rettleiar. Det vil kunne bli utarbeidd kontrakt mellom kvar gruppe og rettleiar når det gjeld omfang og innhald i rettleiinga. Normalt bør utgangspunktet for rettleiinga vere skriftleg materiale frå studentane.

Seminara er ein del av bacheloroppgåva og skal støtte opp under det sjølvstendige arbeidet som blir evaluert. Ein føreset at studentane har med eigne problemstillingar til seminara og deltek aktivt.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal vere i stand til å:

  • Finne, velje ut og fordjupe seg i relevant teori for ei bestemt problemstilling (inkluderer også nyare forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet)
  • Vurdere og velje ut relevante metodar for å finne svar på ei problemstilling
  • Planlegge og gjennomføre innhenting av empiriske data, og bearbeide desse
  • Analysere data og diskutere funna opp mot teori
  • Vurdere funna og komme fram til ein konklusjon
  • Skrive akademiske oppgåver og kunne bruke relevante digitale verktøy
  • Planlegge og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar
  • Takle dei utfordringane som ligg i det å gjennomføre eit gruppearbeid
  • Argumentere for at gruppa har følgt dei forskingsetiske prinsippa
Arbeidskrav

Deltaking på seminara er obligatorisk. På seminar 2 skal kvar gruppe ha ein munnleg presentasjon av oppgåva si. Rettleiar er ansvarleg for godkjenninga av arbeidskravet.

Sluttvurdering

Bacheloroppgåva vil bli evaluert av ansvarleg rettleiar og eksternt oppnemnd sensor. Det vert nytta bokstavkarakter. Alle studentane på gruppa får same karakter.

Pensum

Avhengig av val av oppgåve.

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
07.04.2010