Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU613 Helse- og sosialrett  

JU613 Helse- og sosialrett

Kode
JU613

Norsk namn
Helse- og sosialrett

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk for valeininga helse- og sosialpolitikk og årseininga helse- og sosialadministrasjon.

Semester
Første og andre semester i masterstudiet/årsstudiet i helse- og sosialadministrasjon

Forkunnskapar

Syner til krav om opptak

Læringsmål

Emnet skal gje studentane innsyn i juridisk metode- og rettskildelære.Særleg skal studentane lærast opp til åtolka rettsreglar. Ein regel består av to delar, ein vilkårsdel og ein verknadsdel. Studentane skal læra å tenke vilkår/verknad. Gjennom kurset vil ein gå gjennom dei viktigaste reglane innan forvaltningsretten og helse- og sosialretten, og splitte reglane opp i vilkår/verknad. Studentane skal også lære forskjellen på materielle reglar og sakshandsamingsreglar.

Innhald/oppbygging

I del 1: Om den juridiske tenkemåten får studentane ei innføring i juridisk metode- og rettskildelære og særpreget ved juridisk tenkning og argumentasjon.Studiet gjev også ein innføring i tolkningslæretil bruk for tolking av lover og forskrifter.
I del 2: Forvaltningsrett – som er den mest omfattande - inneheld ei kortfatta innføring i enkelte alminnelige forvaltningsrettslege grunnprinsipp og ei relativt grunndig innføring i saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Teieplikta vert grundig hansama.
I Del 3: Enkelte utvalgte juridiske emne vil være dei materielle hovudreglar i pasientrettighetslova, helsepersonellova, lov om psykisk helsevern, kommunehelsetenestelova, tannhelsetenestelova, folketrygdlova, sosialtenestelova og barnevernlova.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid, sjølvstudium og nettstudier. Utarbeide svar på øvingsoppgåver utlevert av faglærar

Arbeidskrav

Ingen arbeidskrav

Sluttvurdering

JU 613 Helse- og sosialrett
Mappevurdering
Innlevert svar på juridisk oppgåve utlevert av faglærar. Dato for innlevering vert gjort kjent av faglærar. Maks 10 s.Kan vere individuelt, eller i gruppe på maks 3. studentar. Sideomfang kan utvidast av faglærar.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Blir gjort kjent ved semesterstart.

Studentane må ha tilgang på internett for å kunne kikke på lovforarbeid, høgsterettdommar og departementsrundskriv

Supplerande pensum kan bli lagt til rette av faglærar.