Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU6-401 Økonomi og jus i utdanningsleiing  

JU6-401 Økonomi og jus i utdanningsleiing

Kode
JU6-401

Norsk namn
Økonomi og jus i utdanningsleiing

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Valfritt emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk for masterstudium organisasjon og leiing – utdanningsleiingleiing og årsstudiet i utdanningsleiing. Studieplan 2008.

Semester
Haust. Tredje semester i masterstudiet/årsstudiet.

Forkunnskapar

Sjå krav til opptak i studieplanen.

Læringsmål

Jus

Målet er å gjere skoleleiarar trygge på at dei utøver faglig og administrativ leiing innanfor dei grenser rettsreglane set. Emnet gjev ei innføring i juridisk tenkemåte og over dei viktigste rettsreglane som regulerer skulens verksemd i høve elevar, foreldre og tilsette.

Økonomi

Målet er å gje studentane kunnskapar om økonomiske tema som er viktige for å vere leiar i skulesektoren. Studentane skal forstå korleis økonomisk teori kan nyttast til å analysere dei utfordringar som oppstår når økonomiske ressursar skal nyttast på best mogeleg vis. Emnet skal gje leiarar økonomisk forståing som styrkar føresetnadene for å kommunisere effektivt med fagøkonomiske miljø.

Innhald/oppbygging

I økonomidelen av emne vert desse tema drøfta:

Finansiering av velferdsstaten

Samfunnsøkonomisk og foretaksøkonomisk lønsemd

Produksjons- og kostnadsteori

Marknadsteori

Budsjettering i skulen

Økonomistyring i skulen

Resultatvurdering i skulen

I jusdelen av emne vert desse tema drøfta:

Innføring i juridisk metode- og rettskildelære

Tolkningslære til bruk for tolking av lover og forskrifter.

Forvaltningsrett i skolen – alminnelige forvaltningsrettslege grunnprinsipp og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.

Teieplikta i skolen

Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Arbeidsrett i skolen

Samarbeid skule – heim

Skolens erstatningsansvar

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeide svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Arbeidskrav

Ingen arbeidskrav

Sluttvurdering

Delkode 002: Deleksamen jus: 50% Heimeeksamen. Svar på utleverte juridisk oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent

Delkode 001: Deleksamen økonomi: 50 % Heimeeksamen. Svar på utleverte økonomiske oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent.

Studentar som har gjennomført emne i jus eller økonomi og som får det innpassa treng berre å gjennomføre deleksamenane i det deleemne som ein manglar.

Ved stryk i ein deleksamen kan kandidaten omarbeidde svar og levere denne.

Pensum

Pensumliste vert gjort kjend ved semesterstart

Pensum sist oppdatert av
Leif Longvanes

Pensum sist oppdatert dato
22.04.08