Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU6-400 Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren  

JU6-400 Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren

Kode
JU6-400

Norsk namn
Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Valfritt emne i masterstudiet i organisasjon og leiing.
Obligatorisk for masterstudium organisasjon og leiing – helse- og sosialleiing og årsstudiet i helse- og sosialleiing. Studieplan 2008.

Semester
Tredje semester i masterstudiet/årsstudiet.

Forkunnskapar

Syner til krav om opptak

Læringsmål

Jus

Emnet skal gje studentane innsyn i juridisk metode- og rettskildelære. Særleg skal studentane lærast opp til å tolka rettsreglar. Gjennom kurset vil ein gå gjennom dei viktigaste reglane innan forvaltningsretten og helse- og sosialretten, og splitte reglane opp i vilkår/verknad. Studentane skal også lære forskjellen på materielle reglar og sakshandsamingsreglar.

Økonomi

Målet er å gje studentane kunnskapar om økonomiske tema som er viktige for å vere leiar i helse- og sosialsektoren. Studentane skal forstå korleis økonomisk teori kan nyttast til å analysere dei utfordringar vi har når økonomiske ressursar skal nyttast på best mogeleg vis. Emnet skal gje leiarar økonomisk forståing som styrkar føresetnadene for å kommunisere effektivt med fagøkonomiske miljø.

Innhald/oppbygging

I økonomidelen av emne vert desse tema drøfta:

Finansiering av velferdsstaten

Produksjons- og kostnadsteori

Marknadsteori

Resultatvurdering i helse og sosialsektoren

Samfunnsøkonomisk og foretaksøkonomisk lønsemd

Budsjettering i helse- og sosialsektoren

Økonomistyring i helse- og sosialsektoren

I jusdelen av emne vert desse tema drøfta:

Juridiske tenkemåten

Innføring i juridisk metode- og rettskildelære

Tolkningslære til bruk for tolking av lover og forskrifter.

Forvaltningsrett– alminnelige forvaltningsrettslege grunnprinsipp og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Teieplikta

Dei materielle hovudreglar i pasientrettighetslova, helsepersonellova, lov om psykisk helsevern, kommunehelsetenestelova, tannhelsetenestelova, folketrygdlova, sosialtenestelova og barnevernlova

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeide svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Arbeidskrav

Ingen arbeidskrav

Sluttvurdering

Delkode 002: Deleksamen jus: 50% Heimeeksamen. Svar på utleverte juridisk oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent

Delkode 001: Deleksamen økonomi: 50% Heimeeksamen. Svar på utleverte økonomiske oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent.

Studentar som har gjennomført emne i jus eller økonomi og som får det innpassa treng berre å gjennomføre deleksamenane i det deleemne som ein manglar.

Ved stryk i ein deleksamen kan kandidaten omarbeidde svar og levere denne.

Pensum

Pensumliste vert gjort kjend ved semesterstart.

Pensum sist oppdatert av
Leif Longvanes

Pensum sist oppdatert dato
22.04.08