Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU6-202 Skatte- og avgiftsrett  

JU6-202 Skatte- og avgiftsrett

Kode
JU6-202

Norsk namn
Skatte- og avgiftsrett

Engelsk namn
Tax Law

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
100% Overlapp med EM6-102 Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere
100% Overlapp med JU6-200 Skatterett

Kategori
Valemne i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Obligatorisk emne for rekneskapsførarar.

Semester
Vår

Innhald/oppbygging

Hovudtemaet i dette emnet er fastsetjing av formue og inntekt for personar og bedrifter. Det er også nødvendig å kjenne omfanget av skatteplikta til Noreg, skattestaden, og kven som er skattepliktig. Andre viktige tema er skattlegging av bustad og fritidsbustad og dessutan skattlegging av næringseigedom.

I tillegg til skatterett vil emnet også omfatte meirverdiavgift. Viktige tema er omsetning av varer og tenester som grunnlag for avgiftsplikt, omsetning innanfor og utanfor avgiftsområdet, omsetning med særskilt fritak for avgiftsplikt, frådragsrett for inngåande avgift, registreringsplikt og –rett og frivillig registrering av utleigeverksemd.

Emnet vil vere ein kombinasjon av teoretisk framstilling av stoffet og praktisk løysing av oppgåver.

Undervisnings- og læringsformer

Kurset vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske døme. Det er naudsynt med aktivt sjølvstudium og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum. Fronter vert nytta til utlegging av lysark, oppgåver og løysingsforslag, samt til innlevering av arbeidskrav.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne fastsetje skattepliktig brutto- og nettoinntekt/-formue og rekne ut skatt for personar, einmannsforetak og aksjeselskap ved å bruke sentrale skattereglar og tilhøyrande forskrifter. Dei skal også kunne ta stilling til den avgiftsmessige stillinga for ein næringsdrivande (registreringsplikt, avgiftspliktig omsetning, frådrag for inngåande avgift) ved hjelp av meirverdiavgiftslova og eit definert utval av gjeldande forskrifter.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Lars Fallan: Innføring i skatterett. Siste utgåve.
Lars Fallan: Innføring i skatterett. Studiebok. 
Thor Refsland: Lærebok i merverdiavgift, innføring i merverdiavgiften. 

Endeleg pensum vert oppgjeve når kurset startar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Svendsen

Pensum sist oppdatert dato
10.04.08

Sist revidert av
Helge Svendsen

Sist revidert dato
26.04.09