Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / IN691 Bacheloroppgåve informasjonsbehandling med fagdidaktikk  

IN691 Bacheloroppgåve informasjonsbehandling med fagdidaktikk

Kode
IN691

Norsk namn
Bacheloroppgåve informasjonsbehandling med fagdidaktikk

Engelsk namn
Thesis Information Processing with didactics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Kan erstatte IN690 i 6. semester i informasjonsbehandling.

Semester
Vår

Forkunnskapar

IN630, ME6-200 og OR6-301 . Emnet byggjer dessutan på resten av studiet.

Læringsmål

Bacheloroppgåva skal gje studentane realistisk øving i:

  • å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisingsopplegg basert på multimedia
  • å bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet i ein pedagogisk samanheng
  • skriftleg framstilling av kompliserte problemstillingar
  • samarbeid og kommunikasjon (med rettleiar og medstudentar)
Innhald/oppbygging

Emnet vil starte med ei innføring i teori og metode for undervisning med informasjons- og kommunikasjonsteknologi, herunder alle nyare lyd- og biletmedium. Temaet for sjølve prosjektet vil så basere seg særleg på dette og ulike delar av IN630.

Eit overordna siktepunkt med bacheloroppgåva er å gje studentane innsikt i forskingsprosessen ved sida av det tekniske aspektet ved å produsere ein rapport. Målsettinga er å lage bacheloroppgåver med ein viss grad av vitskapsteoretisk forankring.

PBacheloroppgåva vert organisert som gruppearbeid, normalt med 3 studentar i kvar gruppe. Det vert gjeve rettleiing i alle fasar av arbeidet både for kvar gruppe og meir generelt.

Undervisnings- og læringsformer

Rettleiing basert på skriftleg materiale.

Praksis

Bacheloroppgåva kan utførast i samband med konkrete undervisningsopplegg, og såleis ha eit innslag av praksis.

Sluttvurdering

Basert på innlevert bacheloroppgåve og eventuelt utvikla produkt. Bokstavkarakterar.

Alle studentar som står bak eitt og same arbeid får same karakter.

Pensum

Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell literatur kan vere:
Minken, I. og Stenseth, B.: Brukerorientert programdesign. Nasjonalt læremiddelsenter, 1998.
Torgersen, Glenn-Egil: Læring med IT. Næringslivets Forlag avd Opplysningsfilm, 1999

Sist revidert av


Sist revidert dato
28.04.2008