Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / IN690 Bacheloroppgåve informasjonsbehandling  

IN690 Bacheloroppgåve informasjonsbehandling

Kode
IN690

Norsk namn
Bacheloroppgåve informasjonsbehandling

Engelsk namn
Thesis Information Processing

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk emne i 6. semester i informasjonsbehandling (Kan erstattast av IN691).

Semester
Vår

Forkunnskapar

ME6-200 og OR6-301 . Emnet byggjer dessutan på resten av studiet.

Læringsmål

Bacheloroppgåva skal gje studentane realistisk øving i:

  • å vurdere og tilrå løysingar
  • å bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet
  • skriftleg framstilling av kompliserte problemstillingar
  • samarbeid og kommunikasjon (med rettleiar og medstudentar)
Innhald/oppbygging

Eit overordna siktepunkt med bacheloroppgåva er å gje studentane innsikt i forskingsprosessen ved sida av det tekniske aspektet ved å produsere ein rapport. Målsettinga er å lage bacheloroppgåver med ein viss grad av vitskapsteoretisk forankring.

Bacheloroppgåva skal elles gi høve til individualisering og fordjuping i ulike retningar for å styrke profesjonsinnrettinga av studiet. Det vert organisert som gruppearbeid, helst med 3 studentar i kvar gruppe. Det vert gjeve rettleiing i alle fasar av arbeidet både for kvar gruppe og meir generelt.

Undervisnings- og læringsformer

Rettleiing basert på skriftleg materiale.

Praksis

Bacheloroppgåva kan utførast i samarbeid med næringsliv eller offentleg verksemd, og såleis tene som praksis.

Sluttvurdering

Basert på innlevert bacheloroppgåve og eventuelt utvikla produkt. Bokstavkarakterar.

Alle studentar som står bak eitt og same arbeid får same karakter.

Sist revidert av


Sist revidert dato
28.04.2008