Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / IN660 Samarbeids- og læresystem  

IN660 Samarbeids- og læresystem

Kode
IN660

Norsk namn
Samarbeids- og læresystem

Engelsk namn
Cooperation and Teaching Systems

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Valfritt emne i 6. semester i informasjonsbehandling (unntaksvis i 4. semester) og i 4. eller 6. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Undervisninga byggjer på IN610 Informasjonssystem eller tilsvarande.

Læringsmål

Etter studiet skal studentane kjenne til:
- teoriar om sosiale prosessar, læringsteoriar, teoriar knytte til læring i arbeidslivet
- teoriar om datastøtta samarbeid (CSCW) og læring (CSCL)
- organisasjonslæring, lærings- og praksisfellesskap (CoL, CoP)
- gruppevareplattformer og datastøtta/databaserte applikasjonar for samarbeid
- styringssystem for læring og innhald (LMS and LCMS)
- design for gjenbruk (Reusable objects) og standardisering
- datastøtta samarbeid for mobile og fleksible brukarar
- brukartilpassing av gruppevare og læringssystem
- evaluering av samhandlings-, samarbeids- og læringsteknologi
- implementering av samarbeids- og læresystem

Innhald/oppbygging

Emnet skal gje studenten innsikt i datastøtta / databasert samarbeid, samhandling og læring slik at han/ho sjølv vert i stand til å vurdere muleg bruk av datastøtta / databasert samarbeids-, samhandlings- og læringsteknologi i ein organisasjon og korleis denne skal implementerast.
Studenten skal og sjølv kunne nytte denne teknologien til informasjons- og kunnskapsforvaltning, samarbeid, kommunikasjon og læring. Arbeidsplassen som læringsmiljø er og eit viktig felt.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar.
Arbeidet med øvingsoppgåver er sentralt i emnet.

Arbeidskrav

3 godkjende innleveringsoppgåver

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen på 6 timar, som er basert på utlevert fagoppgåve og pensum elles.
Fagoppgåva vert utlevert seinast tre veker før eksamensdagen.
Bokstavkarakter.
Lovleg hjelpemiddel: Ingen

Pensum

Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Kompendium, notat/artiklar