Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / IN635 Databaseadministrasjon  

IN635 Databaseadministrasjon

Kode
IN635

Norsk namn
Databaseadministrasjon

Engelsk namn
Databases Administration

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i 3. semester i informasjonsbehandling.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Undervisninga byggjer på IN640

Læringsmål

Etter studiet skal studentane ha kunnskap om :

• tryggleiks- og kontrollproblematikk i databasar og på nettet

• dataorganisering og filstrukturar

• databaseadministrasjon, her under administrasjon av brukarar,

rollar, profilar og privilegium

• utvikling og bruk av prosedyrar, funksjonar og pakkar

• aktive databasar (trigger)

• tryggleik og feilhandtering: Tryggleikskopiering, logging, gjenoppretting, autorisasjon og kryptering

• fleirbrukarproblematikk: Transaksjonshandtering og samtidigheitskontroll

• distribuerte databasar: Konsept og design

Innhald/oppbygging

Emnet gir ei vidareføring og fordjupning i relasjonsdatabaseteori og databaseadministrasjon. Emnet skal også gi erfaring i, og kunnskap om, utvikling av databaseapplikasjonar gjennom utvikling av lagra prosedyraer, triggerar m.m. Prinsipp for filorganisering og lagringsstrukturar vil verte gjennomgått. Vidare ser ein på tryggleiks.- og kontrollproblematikk knytt til fleirbrukar databasar.I emnet er lagt opp til å vise og prøve ut kunnskapane i ulike databasesystem på datalab.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid.

Arbeidet med øvingsoppgåvene er sentralt i emnet

Arbeidskrav

5 godkjende innleveringsoppgåver

Sluttvurdering

Skriftleg skuleeksamen, 6 timar. Bokstavkarakterar.

Lovlege hjelpemiddel: Ingen.

Pensum

Connolly, Thomas, Begg, Carolyn: Database Systems, 4th edition, Addison Wesley, ISBN: 0-321-12025-5, utdrag ca. 600 s.
Andreassen, Erling M.: Oracle databaser, filorganisering, databaseadministrasjon og PL/SQL programmering. NKI Forlaget, ISBN: 82-562-5774-1, 400 s.
Kjell Toft Hansen, Tore Mallhaug: Databaser Gyldendal Akademisk ISBN: 82-05-31139-0 utdrag ca 100 s
Perry, James T., Post, Gerald V.: Introduction to Oracle 10g & Database CD Package, Prentice Hall, ISBN: 0-13-174600-6, utdrag ca. 350 s
Knut Erling Øien: Notater og materiell utarbeidet av Knut Erling Øien
Jarle Håvik: Notater og materiell utarbeidet av Jarle Håvik , ca. 150 s.
Utdelt materiell (lysark etc.) , til saman omlag 2500 s.

Sist revidert av


Sist revidert dato
28.04.2008