Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-108 Engelskspråkleg litteratur del 1  

EN6-108 Engelskspråkleg litteratur del 1

Kode
EN6-108

Norsk namn
Engelskspråkleg litteratur del 1

Engelsk namn
Literature part 1

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk

Semester
Haust

Innhald/oppbygging

Studiet av litteratur skal gje oppleving av litterære kvalitetar. Bøker vert diskuterte på engelsk, og dette vil såleis gje øving både i samtale og analytisk tenking. Litteraturen er ei uvurderlig kjelde til språkleg rikdom, kulturkunnskap og menneskelege erfaringar, og vil difor vera ein viktig del av studiet. Hovudtyngda av emnet vil vera munnleg og skriftleg arbeid med tekstane, men det vil også bli gitt ei innføring i elementær litteraturteoretisk terminologi, i genrelære, og i den historiske ramma rundt tekstane. Ulike genrar vert representerte, og det er viktig at litteraturutvalet i størst mogleg grad reflekterer ulikskapane både i språkleg og kulturell uttrykksmåte i dei landa som er representerte. Hovuddelen av litteraturen er frå det 20. hundreåret. Nokre tekstar er tilpassa ungdomslesing. Filmatiserte versjonar av bøker vert brukte for å setja fokus på skilnadane mellom dei to media.

Undervisnings- og læringsformer

All litteratur som er pensum vil bli diskutert og førelest om i timane. I denne modulen må studenten vera i prosess og levera inn tekstar, til saman 2 tekstar i løpet av hausten, for å få feedback på språk, struktur og innhald. Fristar for desse litteraturoppgåvene vert fastsette etter kvart.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane

- ha fått god innføring i litterære kvalitetar i ulike genrer

- ha fått innsikt i ulike litterære virkemidlar

- vere i stand til å analysera litteratur

- ha lært å skriva om litteratur på ein akademisk måte

Arbeidskrav

- obligatorisk deltaking i undervisninga ( 80% )
- 2 godkjende oppgåver i litteratur

Sluttvurdering

EN6-108 101 Skriftleg eksamen 6t - 60%

EN6-108 102 Munnleg eksamen - 40%

Pensum

Deler av poesi- og novellekompendium

Educating Rita , Willy Russell – Harlow: Pearson Education Limited, 2000. ISBN 0 582 43445 9

The Secret Life of Bees- Sue Monk Kidd, ISBN: 0-7472-6683-2

Of Mice and Men , John Steinbeck – London: Penguin Books, 2000. ISBN-10: 0141185104, ISBN-13: 978-0141185101

To Kill a Mockingbird, Harper Lee – Philadelphia: Warner Books, 1982, ISBN:0-446-31078-6 ( bestill den vi hadde i vår!)

Angela’s Ashes, Frank McCourt – Harper Perennial, 2005 (re-issue). ISBN-10: 0007205236 ISBN-13: 978-0007205233

The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society, Mary Ann Shaffer & Annie Barrows – London: Bloomsbury, 2009. ISBN: 978-0-7475-9880-0

The Hobbit, J.R.R. Tolkien, HarperCollinsChildren'sBooks; (Reissue) edition (2 April 2009) ISBN-10: 0006754023 – ISBN-13: 978-0006754022

A Christmas Carol, Charles Dickens – London: Penguin Books (Popular Classics), 1994 . ISBN-10: 0140620990, ISBN-13: 978-0140620993

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
15.07.2009