Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-110 Engelskspråkleg litteratur med didaktikk del 2 B  

EN6-110 Engelskspråkleg litteratur med didaktikk del 2 B

Kode
EN6-110

Norsk namn
Engelskspråkleg litteratur med didaktikk del 2 B

Engelsk namn
English literature part 2 B

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Overlapp med EN6-114.

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk for studentar som ønskjer å nytte studiet som valfag i lærarutdanninga.

Semester
Vår

Innhald/oppbygging

Studiet av litteratur skal gje oppleving av litterære kvalitetar. Bøker vert diskuterte på engelsk, og dette vil såleis gje øving både i samtale og analytisk tenking. Litteraturen er ei uvurderlig kjelde til språkleg rikdom, kulturkunnskap og menneskelege erfaringar, og vil difor vera ein viktig del av studiet. Hovudtyngda av emnet vil vera munnleg og skriftleg arbeid med tekstane, men det vil også bli gitt ei innføring i elementær litteraturteoretisk terminologi, i genrelære, og i den historiske ramma rundt tekstane. Ulike genrar vert representerte, og det er viktig at litteraturutvalet i størst mogleg grad reflekterer ulikskapane både i språkleg og kulturell uttrykksmåte i dei landa som er representerte. Hovuddelen av litteraturen er frå det 20. hundreåret. Nokre tekstar er tilpassa ungdomslesing. Filmatiserte versjonar av bøker vert brukte for å setja fokus på skilnadane mellom dei to media.

Undervisnings- og læringsformer

All litteratur som er pensum vil bli diskutert og førelest om i timane. I denne modulen må studenten vera i prosess og stadig levera inn tekstar for å få feedback på språk, struktur og innhald. Fristar for desse litteraturoppgåvene vert fastsette etter kvart.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane:

- ha fått god innføring i litterære kvalitetar i ulike genrer

- ha fått innsikt i ulike litterære verkemidlar

- vere i stand til å analysera litteratur

- ha lært å skriva om litteratur på ein akademisk måte

Arbeidskrav

obligatorisk deltaking i undervisning (80%)
2 godkjende essay i litteratur

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 6t -60% delkode 001

Munnleg eksamen 40% delkode 002

Pensum

7 verk

Deler av poesi- og novellekompendium

Second Sight, Meg Henderson – London: HarperCollins, 2004, ISBN-10: 0006552455, ISBN-13: 978-0006552451

The Glass Menagerie: Tennessee Williams

Jane Eyre – Charlotte Brontë – London: Bounty Books, 2005.

My Antonia, Willa Cather - Dover Publications, 1995 ,ISBN-10: 0486282406, ISBN-13: 978-0486282404

Macbeth Willaim Shakespeare

Paradise Toni Morrison

short work

Sist revidert av
Turid Husabø

Sist revidert dato
15.04.2009