Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-101 Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk  

EN6-101 Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk

Kode
EN6-101

Norsk namn
Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk

Engelsk namn
Linguistics 1: English grammar

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
100% med EN6-109

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk for studentar som ønskjer å nytte studiet som valfag i lærarutdanninga.

Semester
Haust.

Innhald/oppbygging

Dette emnet omfattar syntaks, bøyingslære og idiomatikk. I studiet vil det bli gitt eit oversyn over engelsk grammatikk. Studiet er til dels teoretisk der ein siktar mot å setja studenten i stand til å forklara strukturar og val av ei form framom ei anna. Dels er det praktisk med mykje øvingsstoff for å øva studenten opp i sikker bruk av språket. Studiet tar utgangspunkt i at nokre deler av grammatikken viser klare avvik mellom engelsk og norsk, mens andre er nokså like. Mest arbeid vil bli lagt ned på område der skilnader oftast fører til feil. Det vil bli lagt vekt på å utvikla språkmedvit, innsikt i kva språk er og samanhengen mellom språk og kultur. Omsetjing og feilretting vil også vera ein del av kurset.

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet vil i hovudsak bli undervist ved hjelp av førelesningar og øvingsoppgåver. Utgangspunktet vil også vera skriftlege innleverte arbeid og feil og problemområde som viser seg i studentane sine skriftlege arbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentene

- ha innsikt i eit teoretisk apparat som kan brukast ved beskrivelsen av engelsk.

- kunne bruke dette apparatet til å gjere greie for språkbruken i konkrete tilfelle.

- kunne anvende denne kunnskapen slik at studenten sin eigen engelsk blir mest mulig rett og idiomatisk.

Arbeidskrav

- Obligatorisk oppmøte (80%).
- Innlevering av 2 skriftlege oppgåver innan fristar spesifisert av faglærar. Oppgåvene må godkjennast for at kandidaten skal kunne ta eksamen.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen. 4 t.

Pensum

Bækken, Bjørg. English grammar. An introduction for students of English as a foreign language. ISBN 82-450-0307-7

Utlevert materiale

Sist revidert av
Sylvi Rørvik

Sist revidert dato
25.02.2009