Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-105 Samfunnsstudium  

EN6-105 Samfunnsstudium

Kode
EN6-105

Norsk namn
Samfunnsstudium

Engelsk namn
Civilisation

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk.

Semester
Haust

Innhald/oppbygging

Studiet tek sikte på å skapa forståing for kulturelle særpreg, og kjennskap til dei faktorar som har forma tanke og handling hovudsakleg i Storbritannia og USA. Dette krev ofte eit historisk perspektiv, sjølv om hovudvekta kjem til å liggja på notidssamfunnet. Lærebøker i samfunnskunnskap vil bli supplerte med kart og artiklar som skal hjelpa studentane til å forstå det britiske og amerikanske samfunnet. Ein del av emna vil bli illustrerte ved hjelp av DVD.

Undervisnings- og læringsformer

Pensum i samfunnsstudiet vil i all hovudsak bli diskutert og førelest om i timane.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane

· ha tileigna seg grunnleggjande kunnskap og forståing av britisk og amerikansk kulturelt særpreg

· ha fått historisk perspektiv på korleis det britiske og amerikanske samfunnet er organisert

 

Arbeidskrav

- obligatorisk deltaking i undervisninga ( 80% ).
- 1 innlevert og godkjend skriftleg oppgåve og ein 2-timars prøve.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen. 4 t. 100%

Pensum

John Seriot: Elements of Civilisation. Britain, Ireland, and the British Empire

John Seriot: Elements of Civilisation. A short introduction to American history

Utlevert materiale på førelesningane

Lærebøker: Jan Erik Mustad, Ulla Rahbek (eds): A short introduction to the history of the United Kingdom, Fagbokforlaget

Russell Duncan and Joseph Goddard: Contemporary America Palgrave

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
15.04.2009