Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-102 Fagdidaktikk med praksis  

EN6-102 Fagdidaktikk med praksis

Kode
EN6-102

Norsk namn
Fagdidaktikk med praksis

Engelsk namn
Methodology

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk for studentar som ønskjer å nytte studiet som valfag i lærarutdanninga.

Semester
Vår

Innhald/oppbygging

Her vil ein gå gjennom prinsipp for moderne språkopplæring og sjå på utviklinga av ulike metodar i engelskundervisninga. Hovudvekta vil bli lagt på det praktisk-metodiske, og ein vil leggja til rette for demonstrasjon og utprøving av materiell som ein kan bruka i undervisninga.

Følgjande emne vil bli tekne opp:

· Innføring i språklæringsteoriar

· Analyse og vurdering av målet for faget i grunnskulen i relasjon til K-06

· Innføring i metodeteori - tradisjon og nytenking basert på forsking

· Innsikt i dei ulike (6) ferdigheitene den basale språklæringa er sett saman av og korleis dei kan trenast

· Kunnskap om Det europeiske rammeverket og dei seks kommunikative kompetansane

· Den europeiske språkpermen

· Vurdering og nasjonale prøvar

· Kommunikative aktivitetar

· IKT i språkundervisning

· Lettlesingsbøker på engelsk. Autentisk engelsk barne- og ungdomslitteratur og ekstensiv lesing

· Tilrettelegging av pedagogisk differensiering i engelsktimane

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet vil i hovudsak bli undervist ved hjelp av øvingsoppgåver, demonstrasjon av aktivitetar og læringsformer i engelsk og førelesingar om metodeteori. Studiet vil også inkludere deltaking i nettdiskusjonar og oppgåveløysing på nett.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane

– ha fått kunnskap om språkdidaktikk og læringsteoriar innan dette området

– ha utvikla evna til å planleggja og gjennomføra undervisning i engelsk

Praksis

Studentane skal i løpet av studiet ha ein obligatorisk praksis enten i gruppe eller individuelt i øvingsskulen der dei skal førebu og gjennomføra eit undervisningsopplegg i engelsk. I samarbeid med øvingslærar vil faglærar og studentar ta tak i eitt eller fleire tema som vert basis for praksisperioden. Praksisperioden vil ha eit omfang på to veker med ca 10 undervisningstimar og ca 4 samtaletimar. Praksisrapporten er eit arbeidskrav som skal vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Praksisrapporten skal vere individuelt arbeid. Praksis vil bli tilrettelagt for studentar frå utlandet som beherskar norsk på eit enkelt nivå.

Arbeidskrav

- obligatorisk deltaking i undervisninga og i øvingsoppgåvene ( 80% ).
- obligatorisk deltaking i praksis
- Praksisrapport
- 1 skriftleg arbeid frå pensum

Sluttvurdering

EN6-102 SV

MU Munnleg eksamen 60%

SK Skriftleg eksamen: 40%

Pensum

Didaktikk/metodikk:
Drew Ion / Sørheim Bjørn: English Teaching Strategies. Methods for English Teachers 
Munden Juliet / Myhre Astrid: Twinkle Twinkle 

Kunnskapsløftet

I tillegg vert det delt ut materiale som vert rekna som pensum.

Anbefalt litteratur:

Aud Marit Simensen: Teaching a Foreign Language

Jeremy Harmer: The Practice of English Language teaching

Tricia Hedge:Teaching and Learning in the Language Classroom

Sist revidert av
Turid Husabø

Sist revidert dato
15.04.2009