Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-100 Lingvistikk 2: Fonetikk  

EN6-100 Lingvistikk 2: Fonetikk

Kode
EN6-100

Norsk namn
Lingvistikk 2: Fonetikk

Engelsk namn
Linguistics 2: Phonetics

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk.



Semester
Vår

Innhald/oppbygging

Fonetikk er brukt som samleomgrep for ei rekke deldisiplinar som går inn i emnet. Studiet består av artikulasjonslære, som gjev kunnskap om og innsikt i korleis taleorgana fungerer. Lydlære er læra om lydsystemet og lydrealisering, trykkforhold og rytmikk. Intonasjon er studiet av tonemønster eller talemelodi. Ein vil også ta opp regionale variantar av engelsk og skilnad på britisk og amerikansk engelsk. I studiet vil det bli gitt ei relativ brei innføring i britisk engelsk fonetikk med utgangspunkt i skilnader mellom engelsk og norsk. Studenten skal verta i stand til å oppfatta og korrigera feil hos norske brukarar av språket, og må kunna bruka fonetisk terminologi og metode og vera stø i transkripsjon og intonasjonsmønster

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet vil i hovudsak bli undervist ved hjelp av førelesningar og øvingsoppgåver.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane:

- kjenne til å kunne bruke begrepsapparartet for å beskrive og anlysere engelsk uttale og kunne bruke fonemisk transkripsjon og intonasjonstranskripsjon

- ha teileigna seg ein uttale som ikkje har sjenerande innslag av norsk uttale og intonasjon

Arbeidskrav

- Obligatorisk oppmøte (80%).
- Innlevering av 2 skriftlege oppgåver innan fristar spesifisert av faglærar. Oppgåvene må godkjennast for at kandidaten skal kunne ta eksamen.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen. 4 t. 100%.

Pensum

Grunnbøker:
Nilsen, Thor Sigurd /Rugesæter, Kåre N. : Basic English Phonetics for teachers.
Tillegsmateriale vert delt ut.
Hjelpebøker:
Jones Daniel /Gimson A.C . Cambridge English Pronouncing Dictionary.

Sist revidert av
Sylvi Rørvik

Sist revidert dato
10.04.2008