Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / BØ6-303 Rekneskap og skatt  

BØ6-303 Rekneskap og skatt

Kode
BØ6-303

Norsk namn
Rekneskap og skatt

Engelsk namn
Financial Accounting and Tax

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valemne i bachelorstudium i økonomi og administrasjon, obligatorisk emne for rekneskapsførarar.

Semester
Vår

Forkunnskapar

BØ6-102 Finansrekneskap m/analyse

JU6-202 Skatte- og avgiftsrett

Innhald/oppbygging

Emnet er ei fordjuping innan rekneskaps- og skatteteori og har fokus på følgjande tema:

  • I praktisk bruk av rekneskapssystemer skal studentane lære å:
    • Føre bilag i Visma Global
    • Gjennomføre ei førebels årsavslutning i Visma Global
    • Overføre data frå Visma Global til Maestro
    • Føreta ei fullstendig årsavslutning i Maestro
    • Krav til noteopplysningar i årsrekneskapen
  • Internkontroll
    • Utforming, kartlegging, vurdering, testing av internkontroll i organisasjonen og sikkerheit i IT- system
  • God rekneskapsskikk
Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil i hovudsak bli gjennomført med praktiske øvingar på datalab. Det vil blir undervist parallelt i sentrale skatte- og rekneskapsemne som er naudsynte for å kunne forstå bruken av programvara og som gir ei fordjuping i forhold til tidlegare emne.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne gjennomføre årsrekneskapen frå start til slutt og gjennomføre eit årsoppgjer med bruk av programvare (Maestro). Dei skal vere i stand til å gjere vurderingar knytte til god rekneskapsskikk, utvikle forståing for kor viktig eit velfungerande internkontrollsystem er og korleis eit slikt system kan utformast.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Heimeeksamen over 1 veke. Bokstavkarakter.

Pensum

Endeleg pensum vert oppgjeve ved studiestart.

Pensum:

Huneide, J-E, m.fl.: Årsregnskapet i teori og praksis, siste utgåve, Gyldendal Akademisk

Moen, T.G. og Havstein, B.: Regnskapsorganisasjon - bokføring og internkontroll, siste utgåve, Cappelen Akademiske Forlag

Kvifte, S.S. og Tofteland, A.: Finansregnskap - god regnskapsskikk og IFRS, siste utgåve, Fagbokforlaget

Revisors håndbok, siste utgave

Støttelitteratur:

Innføring i Skatterett, Lars Fallan, Gyldendal Akademisk, siste utgåve

Årsregnskapet, Tellefsen/Langli, Gyldendal Akademisk, siste utgåve

Rekneskapsprogrammet Visma Global og årsoppgjersprogrammet Maestro vil bli lagt ut på maskiner på øvingslab.

Pensum sist oppdatert av
Veronika Trengereid

Pensum sist oppdatert dato
08.04.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
08.04.2010