Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / BØ6-302 Anvendt finans  

BØ6-302 Anvendt finans

Kode
BØ6-302

Norsk namn
Anvendt finans

Engelsk namn
Applied Finance

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Emnet overlapper 30% med emne EM6-200 Anvendt finans for eiendomsmarkedet.

Kategori
Valemne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Grunnleggjande kurs i finans og statistikk, tilsvarande BØ6-200 og ME6-200

Innhald/oppbygging

Anvendt finans er eit vidaregåande emne i investering, finansiering og finansielle instrument. Studenten skal få eit solid teoretisk fundament, samtidig som det i undervisninga vert fokusert på praktiske oppgåver og bruk av rekneark. Verdsetjing av verksemder og nyinvesteringar, samt avdekking av risiko ved bruk av finansielle instrument vil vera sentrale tema i faget.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og gruppearbeid. Studentpresentasjonar. Øvingar i datalab.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne:

  • Gjere greie for omgrepa systematisk og usystematisk risiko, eigenkapitalrisiko, finansieringsrisiko, konkursrisiko, eigenkapitalbeta, gjeldsbeta og totalkapitalbeta.
  • Gjere greie for vilkåra for marknadseffisiens og kva som kjenneteiknar marknaden med ulik grad av ineffisiens.
  • Finne  eigenkapitalbetaen til eit børsnotert selskap ved hjelp av data frå Oslo Børs og regresjonsutrekningar i rekneark.
  • Rekne ut eigenkapitalavkastningskravet og totalkapitalavkastningskravet til eksisterande selskap/nye selskap ved bruk av kapitalverdimodellen. Dette gjeld både børsnoterte og ikkje-børsnoterte selskap.
  • Rekne ut forventa avkastning på eigenkapitalen og totalkapitalen ved bruk av noverdiberekningar under usikkerheit.
  • Rekne ut korleis selskapet sin gjeldsgrad påverkar verdien av selskapet. Finne optimal gjeldsgrad.
  • Rekne ut korleis eitt-leddsskatt og to-leddsskatt påverkar verdien av eit selskap.
  • Rekne ut forventa verdi av eit samankopla investerings- og finansieringsprosjekt ved bruk av justert noverdi-metode.
  • Rekne ut verdien av ein opsjon ved hjelp av både den binomiske opsjonsprismodellen og Black-Scholes-modellen.
  • Gjere greie for ulike finansieringsinstrument og kva faktorar som ligg bak vala av dei ulike instrumenta.
Arbeidskrav

Ei godkjend innleveringsoppgåve.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Pensum vert oppgjeve ved studiestart.

Sist revidert av
Torbjørn Årethun

Sist revidert dato
26.03.2010