Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / BØ6-301 Økonomistyring i offentleg sektor  

BØ6-301 Økonomistyring i offentleg sektor

Kode
BØ6-301

Norsk namn
Økonomistyring i offentleg sektor

Engelsk namn
Management Control in Public Organizations

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne i det 5. semesteret på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Emnet tek utgangspunkt i at studentane har avslutta minst fire semester i økonomi og administrasjon, og at dei no er i det 5. semesteret med nokolunde normal studieprogresjon bak seg.

Innhald/oppbygging

Emnet startar med økonomistyring generelt og kjem mellom anna inn på kva ulike målsetjingar i privat og offentleg sektor har å seia for styringssystema. Deretter tek vi opp økonomistyring i offentleg sektor gjennom å gå nærare inn på budsjettering og rekneskap, først i kommunal sektor (del 1) og så i statleg sektor (del 2).

For å styra ein organisasjon (offentleg eller privat) er det behov for å trekkja på kunnskap frå fleire fagområde. Emnet vil difor vera tverrfagleg og byggja på følgjande fagområde: rekneskap, budsjettering, investering, finansiering og organisasjonsfag. Hovudinnhaldet i emnet vil likevel springa ut frå rekneskap og budsjettering.

Studentane skal bli betre i stand til å forstå økonomistyring i offentlege organisasjonar og dermed må dei gå relativt nøye inn på eksempel frå både private og offentlege organisasjonar. Gjennom desse eksempla er målet at studentane skal forstå kvifor lønsemdsfokuset er sentralt i private organisasjonar, medan det finansielle fokuset er meir sentralt i offentlege organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori og problem i tilknyting til denne. Problema – eller oppgåvene – vil, forutan rekneoppgåver som fører fram til eitt svar med to strekar under, også vera diskusjonsoppgåver der fleire svar kan aksepterast. I ein del av den planlagde undervisningstida er det meininga at studentane skal få høve til å arbeida med praktiske eksempel (case) og oppgåver som deretter vert kommenterte av faglærar i plenum.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal læra seg:

· Særtrekka ved budsjettering i offentleg sektor.

· Bokføringa i forretningsrekneskapen, den norske kommunerekneskapen og den norske statsrekneskapen.

· Rapporteringssystemet ”KOSTRA” mellom kommunane og staten.

· Finansiell analyse, der pengeforvaltning, budsjettkontroll og betalingskontroll er sentrale stikkord.

· Studentane skal bli betre i stand til å forstå økonomistyring i offentlege organisasjonar (kommunale og statlege).

Ekskursjonar

Det kan koma på tale med ein dagsekskursjon til ein offentleg organisasjon.

Arbeidskrav

Studentane vil få utlevert to oppgåvesett til innlevering, eitt i kvar hovuddel. Innleveringa er obligatorisk, og studentane skal svara anten individuelt eller i grupper på maksimum tre personar. Faglærar kjem til å vurdera det innleverte arbeidet i form av kommentarar. Godkjend innleveringsoppgåve er ein føresetnad for å kunna gå opp til eksamen i kvar del.

Sluttvurdering

To skriftlege eksamenar à 3 timar, ein i kvar hovuddel av emnet.

Del 1, kommunal sektor, delkode 001. Vekting 50%
Del 2, statleg sektor, delkode 002. Vekting 50%
Bokstavkarakter. Det vert gjeve ein samla karakter.
Kandidatar som stryk til eksamen i ein av delane, går opp att til eksamen i berre denne delen.

Pensum

Lærebøker:

  1. Mellemvik, F., Gårseth-Nesbakk, L. og Mauland, H., 2010, Regnskap og budsjett i kommunesektoren - en innføring. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.
  2. Mellemvik, F., Gårseth-Nesbakk, L. og Mauland, H., 2010, Regnskap og budsjett i staten - en innføring. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.

 Tidsskriftartiklar, rapportar og notat:

  1. Monsen, N.,2009, Notat om staten og statsregnskapet. Dette notatet vil bli utdelt.
  2. Høgheim, S. og Grønhaug, K., Ideal og realitetar i budsjettering: Ei samanlikning mellom normativ teori og observert åtferd. Tidsskrift for samfunnsforskning, nr. 2 1997. Denne artikkelen vil bli utdelt.
  3. Høgheim, S. og Monsen N., Budsjettering i offentleg sektor med hovudvekt på norsk regelverk. Rapport nr. 5, 2009, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (HSF 5/09). Denne rapporten er til sals i studentbokhandelen.

I tillegg må anna stoff som blir utdelt på førelesingane sjåast på som pensum.

Endeleg pensum vert oppgjeve når kurset startar.

Pensum sist oppdatert av
Sverre Høgheim

Pensum sist oppdatert dato
20.03.2010

Sist revidert av
Sverre Høgheim

Sist revidert dato
05.03.09