Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / BØ6-200 Driftsrekneskap, budsjettering, investering og finansiering  

BØ6-200 Driftsrekneskap, budsjettering, investering og finansiering

Kode
BØ6-200

Norsk namn
Driftsrekneskap, budsjettering, investering og finansiering

Engelsk namn
Cost Accounting, Investment and Finance

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og eiendomsmegling.
Valfritt emne på bachelorstudiet i fornybar energi.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Kunnskap tilsvarande innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi (BØ6-101), matematikk (MA6-100).

Innhald/oppbygging

Inntekts- og kostnadskontroll: Modellar for driftsrekneskapen og bruk av normal- og standardkost, avgjerdsrelevante kostnader og inntekter, utrekning av relevante kostnader for riktig prissetting, produktval, kjøpe/produsere sjølv, aksept av tilleggsordre, nedlegging mv. Aktivitetsbasert rekneskap. Alternativ til tradisjonell kostnadsanalyse. Produktval med fleire restriksjonar.

Budsjettering: Likviditetsbudsjett, resultatbudsjett, balansebudsjett, aktivitetsbasert budsjettering.

Investeringskalkylar: noverdi, internrente og annuitet (finansmatematikk). Økonomisk levetid og utskiftingskalkylar. Verknader av skatten og prisstiging på kontantstraumar og metodar. Porteføljeteori og kapitalverdimodellen. Kort innføring i finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt.

Føresetnader og fundament innan investering og finansiering. Utrekning av avgjerdsrelevant kontantstraum inkl. arbeidskapitaleffekt. Korrekte verdivurderingsmetodar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og løysing av oppgåver.

Ein føresetnad er bruk av modellverkty som t.d. rekneark og programmerbar kalkulator i emnet.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha kunnskap om:

  • produktkalkylar etter sjølvkost- og bidragsmetoden, og korleis ein set opp slike kalkylar slik at bedriftene kan vurdere lønsemda til ulike produkt
  • driftsrekneskap etter normalkost- og standardkostmetoden, og kunne setje opp slike rekneskap for å føreta avviksanalysar
  • lønsemda ved ulike investeringar, kunne vurdere lønsemd og rekne ut noverdi og internrente
  • resultat-, balanse- og likviditetsbudsjettering og kunne setje opp slike budsjett
  • korleis bedriftene skal ta omsyn til usikkerheit
  • ulike finansieringsmodellar og kunne rekne ut effektiv lånerente før og etter skatt og prisstigning
  • korleis ein kan nytte analysane ovanfor i ulike avgjerdsprosessar og korleis ein kan nytte denne informasjonen til å styre ei verksemd
Arbeidskrav

Det skal leverast inn to oppgåvesett til godkjenning. Oppgåvene kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

To skriftlege deleksamenar, kvar på 3 timar.

SK Inntekts- og kostnadskontroll/budsjettering, vekting 50%

SK Investering/finansiering, vekting 50%

 Bokstavkarakter.

Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Kalkulator (også programmerbar).

Pensum

Bredesen, Ivar (2005). Investering og finansiering, 3 utg. Gyldendal Akademisk, Oslo.  

I tillegg kjem ei bok i driftsrekneskap og budsjettering 

Pensum sist oppdatert av
Dag Myrvang

Pensum sist oppdatert dato
29.06.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
22.06.2010