Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / BØ6-102 Finansrekneskap med analyse  

BØ6-102 Finansrekneskap med analyse

Kode
BØ6-102

Norsk namn
Finansrekneskap med analyse

Engelsk namn
Financial Accounting, Analysis and Valuation

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, eigedomsmeklarstudiet og 1-årig studium i bedriftsøkonomi.
Valfritt emne på bachelorstudiet i fornybar energi.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi.

Innhald/oppbygging

Krav til rekneskapen.
Rekneskapen som informasjonskjelde.
Oppstillingsplanen for rekneskapen, rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk.
Lover og reglar knytt til verdsetjing av eigedelar og gjeld, inntekter og kostnader, inklusiv ei orientering om internasjonale rekneskapsstandardar på området (IFRS)
Kontantstraumoppstilling.
Samanhengen mellom rekneskap og skatt.
Rekneskapsanalyse og analyse av nøkkeltal for lønsemd, likviditet, finansiering og soliditet.
Innføring i konsernrekneskap.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske døme. For at studentane skal få ei praktisk tilnærming til faget, arbeider dei med utvalde selskapsrekneskap i grupper, fortrinnsvis større lokale/regionale selskap. Denne rekneskapen kan også vere grunnlag for arbeidskrav, og heimeeksamen tek utgangspunkt i denne rekneskapen. Det er naudsynt med aktivt sjølvstudium (pensum og studiehefte) og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum. Fronter vert nytta til utlegging av lysark, oppgåver og løysingsforslag, samt til innlevering av arbeidskrav.

Kompetanse/læringsutbyte

 Studentane skal:

  • Ha grunnleggjande innsikt i rammevilkår og oppbygging av finansrekneskapen
  • Kunne tolke og hente ut informasjon av ein rekneskap.
  • Kunne fastsetje verdien på sentrale balansepostar og grunngje dette basert på rekneskapslov og grunnleggjande rekneskapsprinsipp
  • Ha kunnskap om samanhengen mellom årsrekneskap og skatterekneskap, og kunne rekne ut skattekostnaden i rekneskapen.
  • Kunne utarbeide kontantstraumoppstilling
  • Kunne gjennomføre rekneskapsanalyse
  • Kunne utarbeide konsernrekneskap
  • Kjenne til internasjonal utvikling på rekneskapsområdet
Arbeidskrav

Det skal leverast inn tre oppgåver til godkjenning. Arbeidskravet skal løysast i grupper på tre til fem studentar. Faglærar er ansvarleg for godkjennigna.  

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Oddbjørn Sættem: Bedriftens finansregnskap. En caseorientert tilnærming. 2. utgave, 3. opptrykk. Los Forlag

Oddbjørn Sættem: Forklaringer til oppgavene i Bedriftens finansregnskap. 2. utgave, 3. opptrykk. Los Forlag

Pensum sist oppdatert av
Sverre Høgheim

Pensum sist oppdatert dato
11.11.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
23.06.2010