Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / BØ6-101 Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi  

BØ6-101 Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi

Kode
BØ6-101

Norsk namn
Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi

Engelsk namn
Introduction to Financial and Managerial Accounting

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i økonomi og administrasjon, reiselivsledelse, eiendomsmegling, fornybar energi og årsstudium i bedriftsøkonomi og reiseliv.

Semester
Haust

Innhald/oppbygging

Desse emna vil bli gjennomgått:

  • Bedrifta og plassen den har i det økonomiske systemet.
  • Økonomifunksjonens rolle og plass i bedrifta.
  • Kostnads- og inntektsteori.
  • Tilpassingar under ulike marknadsformer.
  • Kalkulasjon og driftsrekneskap.
  • Kostnads-, resultat- og volumanalyse.
  • Produktval med ein restriksjon.
  • Registrering av bilag for ulike forretningstilfelle.
  • Tabellarisk årsavslutning m/periodiseringar (frå saldobalanse til resultat og balanse).
  • Ei innføring i rekneskaps- og skattereglar.
Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori og problem / oppgåver. Gjennom heile kurset vil såleis løysing av oppgåver i tilknyting til teoridelen ha ein sentral plass. Verdien av å delta på førelesingane vil vera avhengig av i kva grad deltakarane er vel førebudde i det stoffet som blir teke opp. Fronter vert nytta til utlegging av forelesingsmateriell/PP-presentasjonar, oppgåver og løysingsforslag, samt til innlevering av arbeidskrav.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha grunnleggjande kunnskap om:

  • bedrifta sin plass i det økonomiske systemet
  • kva tilpassingar ulike marknadsformer krev
  • enkle kostnads-, resultat- og volumanalysar, og kunne gjere slike analyser
  • beslutningsproblem der ressurstilgangen er knapp for minst ein innsatsfaktor, og gjere utrekningane som er grunnlag for slike beslutningar.
  • kalkulasjon og normalrekneskap som grunnlag for budsjettering, og kunne lage sjølvkost- og bidragskalkylar.

Studentane skal ha kjennskap til:

  • enkel rekneskapsanalyse 
  • analyse av prosjekt med omsyn til lønsemd.
  • Kunne regisrtere bilag for ulike forretningstilfelle og gjennomføre årsavslutning m/periodiseringar (frå saldobalanse til resultat og balanse)
  • Ha kunnskap om korleis ulike transaksjonar vert handsama i rekneskapen.
  • Ha kjennskap til korleis samanstillingsprinsippet verkar på resultat- og balanseføring.
Arbeidskrav

Det skal leverast inntil tre oppgåvesett til godkjenning.Oppgåvene skal gjerast i grupper på tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.  

Sluttvurdering

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum Pensum sist oppdatert av
Toril Partenyi og Willy Myhre

Pensum sist oppdatert dato
17.03.2010

Sist revidert av
Toril Partenyi og Willy Myhre

Sist revidert dato
17.03.2010