Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Historie / SA523 Bacheloroppgåve i historie  

SA523 Bacheloroppgåve i historie

Kode
SA523

Norsk namn
Bacheloroppgåve i historie

Engelsk namn
Bachelor thesis in history

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av 2. året i bachelorstudiet i historie.

Semester
Vår

Forkunnskapar

1) Fullført første året av bachelorstudiet i historie.
2) Avlagt eksamen i/følgja parallelt dei andre obligatoriske emna i andre studieåret.

Innhald/oppbygging

Studentane skal kunne forme ut ei avgrensa problemstilling med utgangspunkt i eit lokalhistorisk emne frå eldre eller nyare tid. Dei kan også skrive om eit oppgitt emne eller eit undervisningsopplegg basert på eit lokalhistorisk emne. Til å svare på dette skal studenten kunne leite fram fleire kjelder av ulik karakter. Oppgåva kan vere utforma etter ei problemstilling laga av studenten i samråd med faglærar og basert på primærkjelder som vert gjennomgått i emnet Ressursar/Menneske/Teknologi. Med basis i andre kurs kan studentane også velje ei oppgåve med nasjonalt eller internasjonalt perspektiv. Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet.

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåve med omfang 15-20 sider.
Bacheloroppgåva vert rettleia i samråd med faglærar. I tillegg kan det vere aktuelt med seminarundervisning.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

· forme ut og arbeide med ei historiefagleg problemstilling
· finne fram til og arbeide med ulike typar kjeldemateriale
· gjennomføre eit avgrensa (lokal)historisk forskingsarbeid som oppfyller historievitskaplege teoretiske og metodiske krav til kjeldeinnhenting, analyse, dokumentasjon og framstillingsform

Sluttvurdering

Evaluering av oppgåva med munnleg etterprøving. Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg etterprøving. Endeleg karakter vert gjeve etter munnleg etterprøving. Ved ikkje greidd karakter etter munnleg må heile eksamen takast opp att.

Pensum

Pensum til bacheloroppgåva byggjer på litteraturen og metodane som vert gjennomgått i Ressursar/Menneske/Teknologi eller i Samtidshistorie I.

Godkjent av
Dekan

Godkjent dato
270508

Sist revidert av
Gunnar Onarheim

Sist revidert dato
130410