Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Historie / SA522 Ressursar/Menneske/Teknologi  

SA522 Ressursar/Menneske/Teknologi

Kode
SA522

Norsk namn
Ressursar/Menneske/Teknologi

Engelsk namn
Resources, people and technology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie. Elles valfritt.

Semester
Vår.

Forkunnskapar

Fullført SA533 Eldre hsitorie og SA 534 Nyare historie.
Avlagt eksamen i SA 536 Samtidshistorie 1.

Innhald/oppbygging
  • Innføring i lokalhistorie som fagdisiplin.
  • Kunnskap om kjelder, kjeldebruk og metode.
  • Praktisk øving i skriftleg vitskapleg framstilling.
  • Realhistorisk kunnskap om forholdet mellom ressursar, menneske og teknologi, og med lokalsamfunnet som ramme.

Første delen av studiet tek føre seg det typiske ved lokalhistoriefaget, kjeldene og metodane.

Andre delen er ei innføring i den realhistoriske sida der ulike aspekt av lokalsamfunnet vert analyserte ut frå ressursar, menneske og teknologi. Opplegget er av ein slik karakter at det inneheld didaktiske element.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning og individuelt arbeid.

Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive ei oppgåve som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva tel også som ein del av sluttvurderinga/eksamen.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

· finne fram til og arbeide med ulike typar kjeldemateriale
· gjere greie for sentrale sider ved lokalhistorie som fagdisiplin og sentrale lokalhistoriske kjeldetypar
· drøfte forholdet mellom ressursar, menneske og teknologi med lokalsamfunnet som ramme

Ekskursjonar

To dagars ekskursjon til Statsarkivet i Bergen. Studentane betaler reise og opphald sjølve.
Ein dags ekskursjon til Sogn Folkemuseum.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering
  • SA522 101 6 timars skriftleg eksamen, vekting 66,67%
  • SA522 102 Oppgåva frå mappa, vekting 33,34%

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappeeksamen skal omarbeidd tekst leverast inn.

Pensum

Pensum kan bli endra før semesterstart.

Mrk.: Titlar merka * gjeld bøker som er å få kjøpt, resten er å finne i kompendium.

1. Lokalhistorie som fag/Arbeidsformer, kjeldekunnskap

* Sandnes, Jørn: Handbok i lokalhistorie. Faget og metodene (1983) side 9-124.

Sandal, Per: Lokalhistorie (1983) (eige kompendium) s. 10-163.

Slettan, Dagfinn og Stugu, Ola Svein: Det nasjonale i det lokale, det lokale i det nasjonale (1997).

Følgjande artiklar:
Slettan, Dagfinn og Stugu, Ola Svein: Det nasjonale i det lokale - det lokale i det nasjonale.
Stugu, Svein Ola: Lokalhi8storia og den nasjonale identiteten.

Velure, Magne: Museet - Mangfald, minne, møtestad. i kap. 4: Museumshistorikk (s. 23 -33) og kap. 5: Museet som samfunnsinstitusjon (s. 35 -42) NOU 7/1996

Richard Petterson: Kulturella arv och kollektiva minnen: Vem är i behov av vad? Nordisk Museologi 1 - 2002, s. 79-88

Hodne, Kjeldstadli og Rosander (red): Muntlige kilder (1981). Følgjande artiklar: Rosander, Gøran: Muntlige kilder - hva og hvorfor?, s. 11-21.

Slettan, Dagfinn: Muntlig historie - en mangesidig virksomhet, s. 22-33.

Kjelstadli, Knut: Kildekritikk (muntlige kilder), s. 66-84.

2. Ressursar, menneske og teknologi

*Dyrvik, Ståle: Den demografiske overgangen (2004) side 7-126.

*Sogner, Sølvi:Far sjøl i stua og familien hans. Trekk fra norsk familiehistorie før og nå

(1990) s. 9-95.

*Østrem, Nils Olav: Norsk utvandringshistorie (2006) side 7-114.

Dyrvik, Ståle: Historisk demografi (1983) s. 9-16.

Dyrvik, Ståle: Den befolkningshistoriske bakgrunnen (i Norges befolkning) s. 11-34 (1975).

Dyrvik, Ståle: Studiet av befolkningshistoria på 1900-talet, i Fladby, Rolf og Winge, Harald (red) Lokalsamfunn under omstøpning (1977) s. 9-28

Oldervoll, Jan og Sogner, Sølvi: Fødsler utenfor ekteskap i lys av giftermålsmarked og

økonomisk utvikling ca. 1800-1850. Hvorfor er utvklingen så ulik i de forskjellige

landsdelene? Bot eller bryllup. Ugifte mødre og gravide bruder i det gamle samfunnet (1981) 10 sider.

Homlong, Beate: Demografiske og økonomiske føresetnader for kårskipnaden på 1700- og

1800-talet. Ein studie frå Etne. Heimen 3/1997, 12 sider.

Tveite, Stein: ”Overbefolkning”, ”befolkningspress” og vandring.i Vandringer (1980). Red.

Langholm og Sejersted. 10 s.

Sunde, Rasmus: Årsaksforklaringar bak emigrasjonen til Amerika ( 1999) 18 s.

Dyrvik, Ståle m.fl.: Norsk økonomisk historie 1500-1970(1979): Kapitla 1-2 s. 9-33,

kap.13-14 s. 122-153, kap 19 s. 184-199 og kap. 24 s. 237-251.

Lunden, Kåre: Jordbruksproduksjonen-teknikk, produktivitet i Noregs Landbrukshistorie II

(2002)

Tranberg, Anna: Markedsorienterte bondenæringer i Norge på 1700-tallet, i Bol og by,

Landbohistorisk tidsskrift, ( Kerteminde 1997), s. 106 -127.

Haugland, Kjell: "Modernisering - ein oppløysande og nyskapande prosess" og "Læraren - moderniseringsagent og nasjonsbyggjar".
Kapittel frå "Oppdal, bøgda mi" (1996) 42 sider.

Fulås, Narve: Nyheiter: "Fiskeriulykkene blir nasjonaliserte". Kapittel frå boka: Havet, døden og veret (2003) 20 sider.

Avdem, Anna Jorunn/Kari Melby: Oppe først og sist i seng (1985) s. 100-126 og 154-180.

Almås, Reidar: Bygdesosiologi (1985), side 15-77 og s.133-197.

Godkjent av
Dekan

Godkjent dato
270508

Sist revidert av
Gunnar Onarheim

Sist revidert dato
130410