Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Historie / SA536 Samtidshistorie: Noreg i ei globalisert verd  

SA536 Samtidshistorie: Noreg i ei globalisert verd

Kode
SA536

Norsk namn
Samtidshistorie: Noreg i ei globalisert verd

Engelsk namn
Contemporary history: Norway in a globalized world

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie, elles valfritt.

Semester
Haust.

Forkunnskapar

Ingen.

Læringsmål

.

Innhald/oppbygging

Studentane skal skaffe seg innsikt i eigen samtidssituasjon ved å søkje dei historiske føresetnadene i den nære fortida. Tema som modernisering og demokratisering vert såleis viktige element både i norsk historie og verdshistorie. I denne perioden vil det vere aktuelt å trekke inn emne som den kalde krigen og slutten på den, integrasjonsprosessen i Europa og nord-sør-problematikken. For Noreg sitt vedkomande hadde perioden mykje å seie for utbygginga av velferdsstaten, inngangen til oljealderen, nedbygginga av nasjonalstaten og nye sosiale og politiske endringar og utfordringar.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet i denne modulen vil i hovudsak bli gjennomført med veksling mellom førelesing og individuell oppgåveskriving i tillegg til noko seminarundervisning og gruppearbeid.

Studentane skal skrive ei oppgåve til mappe som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva tel også som ein del av sluttvurderinga/eksamen.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha gjennomført studiet, skal studenten kunne:

  • gjere greie for det nye stormaktsbiletet og korleis Noreg får ein ny posisjon
  • gjere greie for korleis Noreg, økonomisk og politisk, vert påverka av høgrebølgja og nyliberalistiske straumdrag i politikken
  • drøfte sentrale trekk ved det norske systemet av arbeidsrelasjonar og sjå dei i lys av påstanden om "eit nytt arbeidsliv"
Ekskursjonar

Sjå omtale av Bachelorstudiet i historie.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering
  • Ei skriftleg oppgåve til mappe. Vekting: 50%.
  • Munnleg eksamen. Vekting: 50%.

Ved ny eksamen på den skriftlege oppgåva på grunn av stryk eller forbetring av karakter skal omarbeidd tekst leverast inn.

Pensum

Bøker:

Furre, Berge: Norsk historie 1914-2000 (2000) side 219-367

Lundestad, Geir: Øst, vest, nord og sør. Kap. 5, 6, 7 og 10.

Claes, Dag Harald & Førland, Tor Egil: Europeisk integrasjon. (2004). Kap. 4, 5, 6, 7 og 10

Heiret, Jan,  Korsnes, Olav, Venneslan, Knut  og Bjørnson, Øyvind: Arbeidsliv, historie,

  samfunn : norske arbeidslivsrelasjoner i historisk, sosiologisk og arbeidsrettslig perspektiv

  (2003) Kap 3 og 4, side 109-245

Kompendium:

Tjelmeland, Hallvard : Frå Norsk innvandringshistorie. Bind 3. I globaliseringens tid 1940-2000.

  (2003) Kap. 4: Møtet med det framande – vegen fram mot lov om innvandringsstopp i 1975.

Brochmann, Grete: Frå Norsk innvandringshistorie. Bind 3. I globaliseringens tid 1940-2000. (2003)

  Kap. 17. Det flerkulturelle Norge.

Kjeldstadli, Knut: Frå Norsk innvandringshistorie. Bind 3. I globaliseringens tid 1940-2000. (2003)

  Avslutning. 1100 år innvandring.

Leira, Halvard: Norsk utenrikspolitikk 1905–2005. Folkestyre og fredsengasjement. (2005)

Østerud, Øyvind: Makt og demokrati i et lite land. (2004)

Lodgaard, Sverre: Ny norsk politikk i nord. (2005)

Ulriksen, Ståle: Forsvaret i en brytningstid. (2006)

Leira, Halvard: Noreg – en fredsnasjon? (2007)

Waage, Hilde Henriksen: ”Peacemaking is a Risky Business” Norway’s Role in the Peace

  Process in the Middle East, 1993-96. (2004) (Utdrag)

Tvedt, Terje: Det nasjonale godhetsregimet. Om utviklingshjelp, fredspolitikk og det norske

  samfunn. (2004)

Langeland, Ove (red.), Torkel Bjørnskau, Hilde Lorentzen og Axel West Pedesen: Mellom

  frihet og fellesskap. Det 21. århundrets velferdssamfunn (1999). Kap. 1, 2, 5 og 6

Tor Egil Førland: 1968 som symbol på frihet og selvbestemmelse. Avslutning. Side 7-20 og

  150-155. Tor Egil Førland og Trine Rogg Korsvik (red.). 1968. Opprør og motkultur på

  norsk. Innledning. (2006)

Gro Hagemann: Norsk nyfeminisme - amerikansk import? Nytt Norsk Tidsskrift 2004 nr.

  3/4 side 275-287

Pensum sist oppdatert av
Gunnar Onarheim

Pensum sist oppdatert dato
050710

Godkjent av
Dekan

Godkjent dato
270508

Sist revidert av
Gunnar Onarheim

Sist revidert dato
210410