Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Historie / SA539 Nyare historie 1870 - 1970  

SA539 Nyare historie 1870 - 1970

Kode
SA539

Norsk namn
Nyare historie 1870 - 1970

Engelsk namn
Modern history 1870-1970

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie og årsstudiet i samfunnsfag. Elles valfritt.

Semester
Vår.

Forkunnskapar

Ingen.

Innhald/oppbygging

Emnet gjev studentane eit samanhengande oversyn i norsk, europeisk og global historie frå ca 1870 til 1970. Dette var ein periode som representerte omfattande endringar både økonomisk, sosialt og politisk. Her vil ein sjå korleis utviklinga kunne ta ulike retningar i Europa, USA, Russland/Sovjetunionen, Asia og Afrika både før og etter 1945. Emnet legg brei vekt på bakgrunnen for dei to verdskrigane, dei store revolusjonane, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda. Det vert også lagt vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn og eit velstandssamfunn.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet i denne modulen vil i hovudsak bli gjennomført med veksling mellom førelesing og individuell oppgåveskriving i tillegg til noko seminarundervisning og gruppearbeid.

Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive ei oppgåve som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva vil også telje som ein del av sluttvurderinga/eksamen.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

· gjere greie for sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar i politisk, økonomisk og sosial historie frå om lag 1870 til om lag 1970 i ein norsk, europeisk og global samanheng
· drøfte den norske nasjonalstatsutviklinga og forklare utviklinga av nasjonalstatar i Europa og andre delar av verda i perioden, inkludert omgrepet ’nasjonalisme’ og rolla som skuleverket og historiefaget spelar i nasjonsbygginga
· gjere greie for og vurdere drivkreftene bak spenning, krigsutbrot og alliansepolitikk
· gjere greie for hovuddraga i den økonomiske, sosiale og politiske moderniseringa i Noreg, Europa og andre delar av verda i perioden
· drøfte utviklinga av demokratiet i Noreg, Europa og verda elles og åtaka på demokratiske rettar i samband med utviklinga av totalitære regime og ideologiar.

Ekskursjonar

Sjå omtale av Bachelorstudiet i historie.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

SA539 001 6 timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%
SA539 002 Mappeoppgåve, vekting 50%

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappe skal omarbeidd tekst leverast inn.

Pensum

Pensum kan bli endra før semesterstart.

Norsk historie
Nerbøvik, Jostein: Norsk historie 1860-1914: Eit bondesamfunn i oppbrot. Det Norske Samlaget (1999), side 11-264 (254 sider)
Furre, Berge: Norsk historie 1914-2000: Industrisamfunnet –frå vokstervisse til framtidstvil. Det Norske Samlaget (2000), side 17-218 (202 sider)
Sørensen, Øystein (red.): ”Jakten på det norske. Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet”. Oslo 1998, s 11-48 (38 sider) [kjem i kompendium]

 

Verdshistorie
Palmer, R.P. & Colton, Joel & Kramer, Lloyd (2007): A History of The Modern World. Boston, Mass.: McGraw-Hill. Kap. 13 (Innleiinga og punkta 63, 64 og 65), kap 14 (Innleiinga og punkta 71, 72 og 73), kap 16, 17, 18, 19, 20 og 21. (kap 16-21 tilsvarer tidlegare utgåver kap. XV-XX. Kompendieutsalet har kap. XV-XX av 2002-utgåva av boka på svensk).
Lundestad, Geir (2004): Øst, Vest, Nord, Sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 1, 2, 3 og 11.

Kompendium verdshistorie
Floto, Inga (1990): Menneske, Samfund, Historie: Kapitler af verdenshistorien. Kap. IX Vesten erobrer verden, og kap. X 1917-1945 Fra den russiske revolusjonen til atombomben.

Godkjent av
Dekan

Godkjent dato
270508

Sist revidert av
Gunnar Onarheim

Sist revidert dato
130410