Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Historie / SA533 Eldre historie før 1870  

SA533 Eldre historie før 1870

Kode
SA533

Norsk namn
Eldre historie før 1870

Engelsk namn
Elder history before 1870

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i historie og årsstudiet i samfunnsfag. Elles valfritt.

Semester
Haust.

Forkunnskapar

Ingen.

Innhald/oppbygging

Emnet startar opp med retts- og statsdanning i antikken. Nedgangen for romarriket førte til framveksten av føydalvesenet, og i same periode voks den norske staten fram. Medan den norske staten gjekk i oppløysing i seinmellomalderen, vart det etablert fyrste- og sentralmakter i Europa som enda i einevelde. Parallelt med denne utviklinga ser vi korleis samfunna endra seg økonomisk, sosialt og politisk. Endringsprosessane skjedde i meir roleg retning i einskilde land, medan andre fekk bråe omveltingar (revolusjon). I kjølvatnet av dette fekk vi framveksten av nye ideologiar og skiping av nye statar.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil i hovudsak bli gjennomført med veksling mellom førelesing og individuell oppgåveskriving i tillegg til noko seminarundervisning og gruppearbeid.

Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive ei oppgåve som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva vil også telje som ein del av sluttvurderinga/eksamen.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunna:

· gjere greie for sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar i europeisk historie frå antikken og i norsk historie frå mellomalder fram til om lag 1870
· gjere greie for og vurdere hovuddraga i den sosiale og økonomiske utviklinga i Noreg, Europa og andre delar av verda i perioden
· drøfte sentrale trekk ved europeisk og norsk statsdanning
· drøfte kvifor endringsprosessane skjedde i meir roleg retning i einskilde land medan andre land fekk bråe omveltingar, og korleis dette førte til utviklinga av ulike ideologiar

Ekskursjonar

Sjå omtale av Bachelorstudiet i historie.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

SA533 301 6 timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%

SA533 302 Mappeoppgåve, vekting 50%

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast inn.

Pensum

VERDSHISTORIE:

Imsen, Steinar: Europa 1300-1500 (2002-utgåva) Side 11-90, 132-195.

Fuglestad, Finn: Fra Svartedauden til Wienerkongressen (2004-utgåva) s. 58-74, 445-446, 456-459, Del 4: kap. VI, VII, VIII, IX og X (s476-536).

Palmer, R.R., Colton, J., Kramer, L.(2007): A History of the Modern World. Delkapittel 51, 53, 56, 57, 61, 63 og 68.

Kompendium:

Antikkens historie.
Europa tar form. År 300 til 1350 av Sverre Bagge.
Høvdingdømme, bystat, imperium av Jørgen Christian Meyer, med T. Bekker-Nielsen og I. Brandvik Mæhle.

Nya Tidens Världshistoria av R.R. Palmer - J.Colton Utdrag på 60 sider som omhandlar perioden 1848-1870.

Utdrag frå Menneske, Samfunn, Historie 

Kapitler af verdenshistorien av Elin Rand Nielsen m.fl.

Kap. VIII Europa i revolution s. 224-258 34 sider

NORSK HISTORIE

Siggurdsson, Jon Vidar: Norsk historie 800-1300. Frå høvdingemakt til konge- og kyrkjemakt. Det Norske Samlaget, 1999 (214 sider)

Dyrvik, Ståle: Norsk historie 1625-1814. Det Norske Samlaget, 1999, side 29-42 og 59-268 (224 sider)

Pryser, Tore: Norsk historie 1814-1860. Det Norske Samlaget, 1999. side 11-292 (282 sider)

Kompendium:

Ersland/Sandvik: "Pest og krise" i Norsk historie 1300-1625 Det Norske Samlaget, 1999 side 40-63

Pensum sist oppdatert dato
010910

Godkjent av
Dekan

Godkjent dato
270508

Sist revidert av
Gunnar Onarheim

Sist revidert dato
130410