Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL413 Naturforvaltning og offentleg sakshandsaming  

PL413 Naturforvaltning og offentleg sakshandsaming

Kode
PL413

Norsk namn
Naturforvaltning og offentleg sakshandsaming

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og Fornybar energi (Fordjuping i geofag og planfag).

Semester
Vår. Første gang våren 2012.

Innhald/oppbygging

Emnet skal gje forståing av korleis offentleg sakshandsaming foregår.
I forelesingane vert det lagt vekt på praktiske eksempel relatert til naturforvalting og PBL.
Emnet tek vidare føre seg naturvernet sitt verdigrunnlag og historie og dagens utfordringar med praktisk vern av naturtypar og artar under norske forhold.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar. Oppgåveløysing med gjennomgang i plenum.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha kjennskap til hovudtrekka i oppbygging og verkemiddelbruk i forvaltninga, så som oppgåvefordeling og myndeforhold mellom kommune, fylke og sentralforvaltning. Studentane skal ha god forståing av sentrale saksbehandlingsreglar, herunder reglane om saksførebuing, habilitet, innsynsrett og klageadgang. Emnet skal også gi god forståing av rammene for forvaltninga si utøving av skjøn, og kjennskap til korleis det offentlege kombinerer forvaltningsvedtak og avtalemekanismar for å nå måla sine.
Studentane skal etter kurset kunne drøfte verdien av biologisk mangfold, urørt natur og naturopplevingar. Emnet gir også praktisk innsikt i dei viktigaste delane av det offentlege og private forvaltningsapparat med ansvar for naturvern, spesielt i arealforvaltninga.

Ekskursjonar

Delta som tilhøyrar på kommunestyremøte.
Besøk hos fylkesmannen og fylkeskommunen.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Sluttvurdering

PL413

SK Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010