Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FY400 Innføring i fysikk  

FY400 Innføring i fysikk

Kode
FY400

Norsk namn
Innføring i fysikk

Engelsk namn
Introduction to Physics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Fornybar energi og Geologi og geofare.

Semester
Vår blokk 1

Forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Innhald/oppbygging

Mekanikk og energi:
Bevegelse i rette og krumma baner med konstant akselerasjon i ein, to og tre dimensjonar. Krefter, Newtons lovar. Energi og arbeid. Bevaring av energi og overgangar mellom energiformer. Potensiell energi og konservative krefter. Kollisjon, bevegelsesmengde, tyngdepunkt, likevekt og sirkelbevegelse. Dreiemoment. Spenning, tøyning og Mohrs sirkel

Bølgjer:
Svingingar, resonans, interferens, ståande bølgjer. Elektromagnetiske bølgjer og lys. Lydbølgjer. Bryting og refleksjon av bølgjer. Radioaktivitet

Feltlære:
Elektrisk ladning og felt. Nordlys. Leding og isolasjon. Magnetisme. Gravitasjon.

Fluidmekanikk:
Oppdrift, tettleik, strøyming. Diffusjon, adveksjon, konveksjon. Reologi

Varmelære:
Termodynamikkens lovar. Ideelle gassar. Termisk volumendring. Molekylærbevegelse. Arbeid og indre energi. Entropi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, laboratorieøvingar og innleveringar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane
• kunne bruke dei grunnleggjande lovane og bevaringssatsane i mekanikken til å rekne på bevegelsen til ein eller fleire punktmassar: med konstant akselerasjon, i sirkelbane og ved kollisjon
• kunne rekne på bølgjer i overgangen mellom ulike medium
• kjenne til korleis bølgjer har innverknad på omgjevnadane sine og kva for effektar som oppstår når dei er i interaksjon med kvarandre
• ha grunnleggjande kjennskap til elektrisitet og magnetisme knytt til geofysiske problemstillingar
• kunne bruke dei enklaste fluidmekaniske lovane til å rekne på massetransport
• kjenne til mekanismane for massetransport og rekne på bruddstyrke og ulike typar deformasjon
• ha kjennskap til termodynamikkens lovar og kunne rekne på problemstillingar som varmeoverføring og volumendring

Sluttvurdering

FY400 SV

SK Skriftleg eksamen, 4 timar
Hjelpemiddel: Formelsamling. Kalkulator: Enkel.

Bokstavkarakter.

Pensum

Introduction to Physics, 8th edition, Wiley, by  Cutnell and Johnson.

Støttelitteratur: Physics for Geologists, 2nd edition, Routledge, by Chapman

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
10.09.2010

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
21.05.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
15.09.2010