Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FE402 Aktuelle tema i fornybar energi  

FE402 Aktuelle tema i fornybar energi

Kode
FE402

Norsk namn
Aktuelle tema i fornybar energi

Engelsk namn
Selected topics in the field of renewable energy

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i fornybar energi

Semester
Vår, blokk 2.

Forkunnskapar

Byggjer på FExx1 og FExx2

Innhald/oppbygging

Spesielle tema innan elbilar, biodrivstoff, hydrogen, solenergi, samanhengar mellom grøne haldningar og grøne handlingar, haldningsdanning, grøne informasjons- og marknadsføringskampanjar, fornybardirektiv, standardar, grøne sertifikat, incentiv, CO2-skatt, internasjonale og nasjonale avtalar, lokale konfliktar og arealbruk til fornybar energiproduksjon. Studentane har også høve til å komme med framlegg om tema.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, seminar. Gruppearbeid over temaoppgåver.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne gjere greie for utvalde tema innan fornybar energi. Dei skal vise evne til sjølvstendig kritisk og aktivt arbeid med litteratur og framlegging av temaoppgåver.

Ekskursjonar

2 dagar (1 overnatting)

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

FE402

MU Munnleg eksamen med presentasjon. Bokstavkarakter.

Pensum

Pensum: Holden, E, Linnerud, K og Schlaupitz, H (2009) Transport og miljø
(Trondheim: Tapir Akademisk forlag)

Anna pensum avheng av kva tema som vert tatt opp. Det vert oppgitt i løpet av kurset.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.2010

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
21.05.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010