Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FE403 Bacheloroppgåve i fornybar energi  

FE403 Bacheloroppgåve i fornybar energi

Kode
FE403

Norsk namn
Bacheloroppgåve i fornybar energi

Engelsk namn
Bachelor Thesis in Renewable Energy

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i fornybar energi.

Semester
Vårsemester 3. studieår. (Det er føresett at eventuelt feltarbeid vert utført sommaren etter 2. studieår.)
Frist for val av tema er 1. april i 4. semester.

Forkunnskapar

Krav for å ta til på bacheloroppgåve: Greidd 90 studiepoeng av emna i i bachelorstudiet i fornybar energi med fordjuping i økonomi eller planlegging og geofag.

Innhald/oppbygging

Oppgåva kan vere naturvitskapeleg eller ha planfagleg og/eller økonomisk karakter. Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har fagleg kompetanse og kapasitet ved AIN / AØR.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført bacheloroppgåve skal studentane kunne:
- gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid,
- gjennomføre innsamling av datamateriale,
- syntesearbeid,
- presentasjonsteknikk og
- vitskapleg forfattarskap.
Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve skal kandidaten kunne gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige energifaglege, økonomiske, samfunnmessige og planfaglige tema. Kandidaten skal kunne å definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte, inkludert kjeldekritikk, og vere i stand til å kunne gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten skal kunne korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kunne formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Sluttvurdering

FE403

BO Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
21.05.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
25.05.2010