Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FE401 Miljø- og energipolitikk  

FE401 Miljø- og energipolitikk

Kode
FE401

Norsk namn
Miljø- og energipolitikk

Engelsk namn
Environmental- and energy politics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i fornybar energi.

Semester
Vår, blokk 3.

Innhald/oppbygging

Miljø- og energipolitikk:
Emnet viser korleis samanhengen mellom energiressursar, teknologi, marknad og politikk påverkar energiproduksjon og energidistribusjon lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Emnet tar opp tema som prisdanning, omsettingssystem, politiske verkemiddel, usikkerheit og miljøkrav. Energipolitikk i EU. Norsk energipolitikk, regulerande og stimulerande verkemiddel for fornybar energi i Noreg

Miljøkonsekvensanalyse:
Emnet vil gi ei grundig innføring i metodar for analyse av miljøkonsekvensar av tekniske system og produkt: miljørekneskap, livssyklusanalyse, økologisk fotavtrykk, risikoanalyse m.m. Emnet gir ein historisk gjennomgang av dei ulike metodane og korleis og kvifor dei har utvikla seg i takt med endringar i miljøproblema sin karakter. Fokus er knytt til energisystem og teknologiar brukt i energisektoren.
Metodane sitt formål, bruk, føresetnader, styrkar og avgrensingar i forhold til målet om berekraftig utvikling blir diskutert.
Metodane fangar opp miljøproblem i vid forstand; både forurensings-, ressurs- og arealmessige problem.
Gjennom dei nemnde metodane vil studentane bli i stand til å få ei forståing av relasjonen mellom produksjon og bruk av energi og dagens miljøproblem for så å kunne peike ut vegar mot meir berekraftige produksjonssystem og forbruksmønster.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, seminar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane
- kjenne til dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse,
- kunne bruke dei på problemstillingar knytt til produksjon og bruk av fornybar energi.
- kjenne til dei viktigaste verkemiddela for å stimulere til auka produksjon og bruk av fornybar energi,
- kunne vurdere nytteverdien av desse verkemiddela i forhold til miljø og berekraft.

Ekskursjonar

4 dagar (3 overnattingar).

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Fire innleveringsoppgåver.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

FE401

HE Heimeeksamen 1 veke. Bokstavkarakter.

Pensum

• Høyer, K.G. og Aall, C. (2001) ”Nye analyseverktøy i miljøplanleggingen”, VF-notat 3/01
• Rees and Wackernagel (1994) ”Ecological footprint”
• International Standard Organisation. 2006. Environmental Management – Life Cycle Assessment – Principles and Framework. ISO 14040 second edition version 2006-07-01
• John S. Dryzek (2005), The Politics of the Earth: Environmental Discourses, Oxford University Press (2 edition)

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.2010

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
21.05.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
25.05.2010