Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FE400 Energi, teknologi og miljø  

FE400 Energi, teknologi og miljø

Kode
FE400

Norsk namn
Energi, teknologi og miljø

Engelsk namn
Energy, Thechnology and the Environment

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i fornybar energi

Semester
Haust, blokk 2

Innhald/oppbygging

- Global og nasjonal energiproduksjon og -bruk, historisk utvikling og trendar.
- Globale og nasjonale energi- og miljørelaterte mål og avtalar, bærekraftig utvikling, klimaavtalar, med meir.
- Energisystemet, energiproduksjon, -distribusjon og -bruk, energibruk til stasjonære og mobile formål, miljøkonsekvensar av energibruk, -distribusjon og –bruk.
- Kunnskap om tekniske løysingar innan produksjon og bruk av fornybar energi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, øvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne, skal studentane ha grunnleggande kunnskap om
- energisystemet,
- dei tekniske løysingane i systemet med vekt på fornybar energi
- og dei verknadane systemet har på miljøet.

Ekskursjonar

Besøke anlegg for produksjon, distribusjon og bruk av fornybar energi, 3 dagar (1 overnatting).

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjende øvingar.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

FE400

SK Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Boyle, Godfrey, "Renewable Energy", Oxford University Press, Oxford. ISBN:0-19-926178-4.

Holden, E, Linnerud, K og Schlaupitz, H (2009) Transport og miljø (Transport and the Environment) Tapir Akademisk forlag, Trondheim.

Fornybar energi, kapittel 6 (www.fornybar.no)

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
10.09.2010

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
21.05.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
25.05.2010