Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / FK209 Teknologi og samfunn  

FK209 Teknologi og samfunn

Kode
FK209

Norsk namn
Teknologi og samfunn

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
0,00

Kategori
Obligatorisk emne for forkurs for ingeniørutdanning

Semester
Haust- og vårsemester

Forkunnskapar

Opptakskrav til forkurs

Innhald/oppbygging

Teknologi, nærings- og samfunnsutvikling. Ingeniørrolla og ingeniørarbeid. Fysikk- og kjemifaga si rolle i teknologiutvikling og ingeniøryrke. Etikk og normer. Tverrfaglege arbeid og prosjekt.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og prosjektarbeid. 4 t pr veke.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

Teknologi, nærings- og samfunnsutvikling
• kjenne til kva som karakteriserer teknologiutviklinga historisk og geografisk
• kunne gjere greie for utviklingstendensar og hovudstrukturen i norsk industri og næringsliv frå 1900 til i dag
• forstå prinsipp for real- og naturvitskapeleg tenking
• ha grunnleggjande kunnskap om samspelet teknologi, økonomi og miljø
• kjenne til korleis politiske og administrative (bokmål: forvaltningsmessige) prosessar fungerar i høve til næringsliv og samfunnsutvikling
• kunne drøfte kva globalisering og kulturskilnader har å seie

Ingeniørrolla og ingeniørarbeid:
• ha kunnskapar om mangfaldet i ingeniørrolla i store og små bedrifter
• kjenne til arbeidsmetodar og krav til ikkje-tekniske ferdigheiter
• forstå samspelet teknologi, menneske og organisasjon, og korleis organisasjonane i arbeidslivet fungerer
• kunne nytte eit utval sentrale ingeniørverktøy, materialar og byggjemåtar
• kunne nytte enkelte prinsipp for utvikling av produkt/prosessar
• få ei positiv haldning til innovasjon og entreprenørskap

Fysikk og kjemi som berebjelke i teknologi:
• forstå kva trong ingeniøren har for fysikk- og kjemikunnskapar
• ha grunnleggjande fysikk- og kjemiforståing
• kjenne til kva kjemi og materialkunnskap har å seie for produkt og omgjevnader

Etikk og normer:
• forstå kva samarbeid og konfliktløysing har å seie for arbeidslivet
• kunne vurdere indre og ytre miljø ut frå etiske omgrep
• ha kunnskap om normer og grunnleggjande yrkesetikk
• kunne vurdere ei sak frå etisk tanke til etisk handling

Tverrfaglege arbeid og prosjekt:
• gjennomføre minst eitt tverrfagleg arbeid eller prosjekt som involverer to eller fleire forkursfag, gjerne knytt opp mot bedrift/lokale tilhøve

Arbeidskrav

Minst 75% oppmøte i undervisninga.

Godkjend forprosjektrapport
Godkjend deltaking i det tverrfaglege prosjektet:
a. Skriving
b. Praktisk arbeid
c. Sluttpresentasjon

Sluttvurdering

Mappe (Rapport i tverrfagleg prosjekt + 3 innleveringar )

Pensum

Pensum vert oppgitt ved semesterstart.

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
27.05.10

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
27.05.10