YV200 Norsk

Kode
YV200

Norsk namn
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Samfunnsfagleg grunnlagsemne i ingeniør elektro Y-vegen

Semester
1. år, haust- og vårsemesteret

Forkunnskapar

Ingen, utover opptakskrav

Innhald/oppbygging

Informasjonsinnhenting og samarbeid
- IKT-hjelpemiddel
- ulike typar kjelder, kjeldekritkk
- planlegging av tid og arbeid
- samarbeids- og gruppefunksjonar
Litteratur
- ein roman og nokre noveller og dikt frå etter 1940
Kommunikasjon og språk
- kommunikasjonsprosessen
- mål- og mottakaranalyse
- språklege verkemiddel, språktone, stilnivå
- argumentasjon, saklegheit
- setningslære
- andre grammatiske emne etter behov
- skrivereglar
Skriftleg framstilling
- skriveprosessen
- disposisjon og stofforganisering
- referat
- debattinnlegg
- artikkel
- forretningsbrev inkl. stillingssøknader med CV
- møteinnkalling
- rapport
- instruksjon og beskriving
- popularisering
Munnleg framstilling
- presentasjon/foredrag
- diskusjon/debatt
- formelle møte
- instruksjon og beskriving
- visualisering, bruk av hjelpemiddel

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar i storgrupper (klasseromsundervisning)
Øvingsoppgåver i grupper og individuelt
Munnlege presentasjonar
Prosjektarbeid
Arbeid med mapper

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal ha kunnskap om
- kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon
- språket som verktøy for god kommunikasjon
- formverk, syntaks og grammatikk
- språklege, stilistiske og grafiske verkemiddel
- dei viktigaste skriftlege sakprosasjangrane
- kjeldebruk
Studentane skal ha kjennskap til
- sentrale skjønnlitterære sjangrar og kva som kjenneteiknar dei
- innhaldet i nokre utvalde skjønnlitterære tekstar frå etter 1940
- sentrale verkemiddel innanfor skjønnlitterære sjangrar
Studentane skal utvikle ferdigheiter i å
- bruke språket som verktøy for god kommunikasjon i ulike skriftlege og munnlege sjangrar.
- strukturere stoff og skrive saktekstar med god struktur og oppbygging
- gjere greie for fagleg kunnskap skriftleg og munnleg
- vurdere og kommentere tekstar av ulike sjangrar innanfor sakprosa og skjønnlitteratur
- tileigne seg kunnskapar og informasjon gjennom ulike kanalar
- kunne bruke IKT-hjelpemiddel
- planleggje, gjennomføre og presentere prosjektarbeid
- setje opp kjeldeliste på korrekt måte
Studentane skal tileigne seg haldningar til
- å bli trygge på seg sjølve og sin eigen identitet
- å bli språkleg bevisste på eigen uttrykksmåte i ulike samanhengar
- verdien av god kommunikasjon i arbeids- og næringslivet

Arbeidskrav

Det er krav om minst 75 % oppmøte til all undervisning i emnet.

Sluttvurdering

Mappe (vekt 100%)

Arbeidsmappe: ca åtte skriftlege innlveringar, samt nokre munnlege presentasjonar. Dei skriftlege innleveringane er av to typar:"korttekstar og langtekstar"

Frå arbeidsmappa vel studenten ut fire tekstar til vurderingsmappa. Minst to av tekstane skal vere "langtekstar". Ved stryk i mappa kan eksisterande tekstar forbetrast og leverast på nytt påfølgande semester.

Pensum

Karlsen, Terje: Kommunikasjon: Målstyrt samarbeid og informasjon. Gyldendal 2005. 2.
utgåve. (Utvalde kapittel og emne.)
Diverse utdelt stoff .

Pensum sist oppdatert av
Eli Nummedal

Pensum sist oppdatert dato
26.05.10

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
26.05.10