GE484 Geohazards

Kode
GE484

Norsk namn
Geohazards

Engelsk namn
Geohazards

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorsprogramma i Geologi og geofare og Fornybar energi (Fordjuping i geofag og planfag), og i det internasjonale studietilbodet Geohazards and Climate Change (30 ECTS).

Semester
Vår blokk 2.

Innhald/oppbygging

Emnet gir ei oversikt over ulike former for geofarar; skred, flaumar, tsunamiar, jordskjelv, radongass etc. Vi brukar mesteparten av tida på skred og utforskar steinsprang/ras, jordskred, kvikkleireskred og snøskred. Eksempel på slike vert grundigare undersøkt gjennom praktiske øvingar. Ein viktig del av av emnet er kartlegging av skred og risikoanalysar i felten og å evaluere utløysingsmekanismar for dei ulike skreda og andre geofarar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, ekskursjonar og feltarbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullføring av emnet skal studentane:
• Ha ei brei og generell forståing av ulike typar av geofarar og korleis dei kan påverke natur og samfunn.
• Ha detaljert kunnskap om ulike typar av skred; skredprosessen og utløysingsmekanismar.
• Vere i stand til å undersøke og kartlegge tidlegare skredhendingar i eit område og å diskutere risiko for framtidige hendingar.

Ekskursjonar

10 dagar. Første del er ein ekskursjon for å sjå på område som har vore utsette for geofarar (tsunami deposits, instable bedrock slopes, debris- flows and slides, radon measurements). I den andre delen skal studentane arbeide med kartlegging av gamle skred og evaluere risikoen for framtidige skredhendingar.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjent ekskursjons- og feltrapport.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

GE484 Skriftleg eksamen på engelsk, 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

General textbook on geohazards

Papers on sub-marine slides, snow avalanches, radon gas problems, tsunamis, rock slides and fractures in bedrock.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010