GE483 Climate Change

Kode
GE483

Norsk namn
Climate Change

Engelsk namn
Climate Change

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Geologi og geofare og Fornybar energi (Fordjuping i geofag og planfag), og i det internasjonale studietilbodet Geohazards and Climate Change (30 ECTS)

Semester
Vår blokk 1

Innhald/oppbygging

Emnet fokuserer på bevis for tidlegare klimaendringar, variasjonar i notidas klima, og teoriar og argument når det gjeld potentsiell klimaendring i framtida. Vi ser på dei viktigaste kontrollfaktorane på jordas klimasystem i dag. Tema som karbonsyklus, solbanevariasjonar, veksthuseffekten og hav-atmosfære-feedbacks. Vi studerer forskingsmetodar som vert nytta til gransking av arkiva av tidlegare klimaendringar og brukar desse data for å utforske endringane som har skjedd sidan det siste glasiale maksimum. Vi diskuterer og legg fram mogelege endringar som kan skje i jordas klima i løpet av dei neste 100-1000 år.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, seminar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter gjennomført emne skal studentane:
• Ha ei god forståing av kva som bestemmer og driv klimasystemet på jorda i dag.
• Forstå og kunne dei viktigaste metodane som vert nytta til å rekonstruere tidlegare klimaendringar frå ulike naturlege arkiv og kunne sjå problema og forenklingar i tilknyting til slike rekonstruksjonar.
• Ha kunnskap om klimaendringar som har skjedd over geologisk tid og ei god forståing av teoriane som forklarar dei.
• Ha detaljert forståing av klimaendringane som har skjedd i løpet av dei siste 10,000 åra.
• Ha ei god oppfatning av dei nyaste teoriane og modellane for klimaendringar i framtida.

Arbeidskrav

Godkjent framlegging av gruppearbeid på seminar.

Sluttvurdering

GE483 Munnleg eksamen på engelsk. Bokstavkarakter.

Pensum

Lærestoff frå The U.N. Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) reports (2007)
og andre kjelder på nettet.
Anna pensum vert oppgitt ved oppstart av emnet.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010