Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE482 Hydrologi og hydrogeologi  

GE482 Hydrologi og hydrogeologi

Kode
GE482

Norsk namn
Hydrologi og hydrogeologi

Engelsk namn
Hydrology and hydrogeology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Geologi og geofare og Fornybar energi (Fordjuping i geofag og planfag).

Semester
Vår blokk 1

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs, MA414 Matematikk naturfag, GE414 Strukturgeologi, GE408 Mineralogi og petrografi, GE417 Kvartærgeologi

Innhald/oppbygging

Kurset gir først ei innføring i sentrale hydrologiske omgrep som vatnet sitt kretslaup og vassbalanse på lokal skala. Overflatehydrologien omhandlar også meteorologiske data, snø / snøsmelting og overflateavløp.
Den geohydrologiske delen omhandlar førekomsten av markvatn i umetta sone og grunnvatn i fjell og lausmassar; geologiske føresetnader for grunnvassmagasin og grunnvasshydraulikk. Undersøkingsmetoder for grunnvatn med berekning av hydrauliske parametrar og grunnvatnet som transportagens for forureiningar vert også gjennomgått.
Det vert også gitt ei enkel praktisk introduksjon til matematisk modellering av grunnvasstrøyming Overflatevatnet og grunnvatnet si rolle i samband med flom og stabilitetsproblem i jord og fjellmassar, og grunnvasslekkasje til tunnelar, vert særskilt behandla.
I feltkurset gjer vi hydrologiske- og hydrogeologiske felt- og analyseoppgåver i eit mindre nedbørfelt; vassføringsmålingar, instrumentering og etablering av undersøkingsbrønnar for grunnvatn.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar og feltkurs

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane
a) ha forståing for komponentane i det hydrologiske kretsløpet
b) utføre enkle vassbalanseberekningar,
c) kunne utføre standard hydrologisk / hydrogeologisk feltarbeid
d) vite korleis grunnvatn opptrer i fast fjell og i lausmassar og
e) ha kunnskaper om overflatevatn og grunnvatnet si rolle i samband med flaum, erosjon og andre geotekniske problemstillinger.

Ekskursjonar

Tre dagar feltkurs

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjent felt- og ekskursjonsrapport, godkjende øvingar.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

GE482 Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Henriksen H & Nielsen JTN: Innføring i hydrogeologi
eller
Fetter CW 2000: Applied Hydrogeology, 4th ed. Prentice Hall, ISBN 01300882399

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010