GE436 Sedimentologi

Kode
GE436

Norsk namn
Sedimentologi

Engelsk namn
Sedimentology

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Geologi og geofare

Semester
Vår blokk 3

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs, GE407 Anvendt geofysikk, GE408 Mineralogi og petrografi

Innhald/oppbygging

Emnet gir ei oversikt over prosessar som har betydning for danninga av sediment og sedimentære bergartar. Sedimenttransport og avsettingsprosessar og sedimentære teksturar og strukturar vil bli diskuterte. Vidare vert mineralsamansetting, klassifikasjon og danning av dei viktigaste sedimenttypane gjennomgått. Det blir gitt ei oversikt over dei mest framtredande sedimentære avsettingsmiljø med spesielt fokus på avsetting av organisk materiale under anoksiske forhold, som er grunnleggande for forståinga av danninga av petroleumsførande bergartar.

Dei sedimentære prosessane vil bli illustrert ved eksempel frå dagens sedimentære miljø i akvatiske system.
Det høyrer også med øvingar i bestemming av sedimentære bergartar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne tolke miljø- og klimaendringar ut frå spor som desse endringane etterlet seg i sediment.

Ekskursjonar

3 dager

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjende øvingar.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

Munnleg eksamen. Bokstavkarakter

Pensum

Forelesingar.
Utvalde aktuelle artiklar.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010