Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / GE481 Engineering Geology and Early Warning  

GE481 Engineering Geology and Early Warning

Kode
GE481

Norsk namn
Engineering Geology and Early Warning

Engelsk namn
Engineering Geology and Early Warning

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i Geologi og geofare og i det internasjonale halvtårsstudiet i Geohazards and Climate Change

Semester
Vår blokk 3

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs, GE407 Innføring i anvendt geofysikk, GE408 Mineralogi og petrografi, GE414 Strukturgeologi og geologisk kartlegging

Læringsmål

Emnet skal gi studentane grunnleggande kunnskapar i beskriving og klassifisering av jord og fjellmassar for ingeniørmessige formål og i vurdering av stabilitetsproblem, inklusive feltkartlegging.

Innhald/oppbygging

Del A: Styrke av jordartar og skråningsstabilitet
Ingeniørgeologisk / geoteknisk klassifisering av lausmassar. Ulike metodar for analyse og berekning av sikkerheitsfaktor for ulike masserørsler i lausmassar ved hjelp av kalkulator, rekneark og spesiell programvare(SLOPE/W).

Del B: Bergmekanikk
Ingeniørgeologisk klassifisering av fjellmassar sin styrke og oppsprekkingsgrad. Spenningar i fjellmassar og fjellsprekker, spenningsfordeling i fjellsider, rundt tunnelar og i bergrom. Ulike typar skråningsinstabilitetar i fjell. Datainnsamling og metodar for stabilitetsanalyse av fjellskråningar, berekning av tryggleiksfaktor F ved konvensjonelle metodar (kalkulator) og spesiell programvare.

Del C: Overvaking
Innføring i bakgrunn, metodikk og instrumentering for overvaking av ustabilitet i jordmassar (poretrykk, temperatur, vassmetting) og bevegelses- og akselerasjonsmålingar i fjellmassar Praktisk feltinstrumentering av ustabile område.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, ekskursjonar/feltarbeid, labøvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal
a) kunne utføre en ingeniørgeologisk/geoteknisk klassifisering av jord- og fjellmassar,
b) kunne kartlegge og analysere stabiliteten av jord- og fjellskråningar i felt,
c) kunne analysere skråningsstabilitet og berekne sikkerheitsfaktor ved hjelp av kalkulator, rekneark og standard programvare og
d) kunne instrumentere og samle inn data for overvaking av prosessar som er kritiske for utløysing av jord- og fjellskred.

Ekskursjonar

10 dagar ekskursjonar og feltarbeid.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjent felt- og ekskursjonsrapport.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

GE481 Skriftleg eksamen på engelsk, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Pensum vil bli oppgitt ved oppstart av emnet.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010