PL472 Naturvern

Kode
PL472

Norsk namn
Naturvern

Engelsk namn
Nature Conservation

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.


Semester
Vår blokk 1.


Innhald/oppbygging

Den norske naturarven og naturvern i Noreg, lovgjeving. Utvikling av naturvern i internasjonalt perspektiv og oppgåver framover. Vernestatus for artar, inkludert store rovdyr, vassdrag og andre naturtypar. Forvaltning av verna område. Verdi- og interessekonfliktar i naturvernet. Verna natur som ressurs for reiseliv og lokalsamfunn.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, prosjektoppgåveoppgåve, ekskursjon.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
- kjenne vesentlege trekk ved idégrunnlaget for naturvern, det spesielle ved norsk natur samanlikna med andre land, hovudtrekka i norsk naturvern og forvaltning av verna område.
- ha eit oversyn over naturverdiar i Norge og mål og verkemiddel i norsk naturvern.

Ekskursjonar

Ein dagsekskursjon.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Individuell prosjektoppgåve og presentasjon av prosjektoppgåva.

Deltaking på ekskursjon.

Sluttvurdering

PL472 Skriftleg eksamen, 4 timar.

Pensum

Blir oppgjeve ved kursstart, men sentrale læreverk i tillegg til førelesingsnotat er:
Moen, A. 1998. National Atlas on Norway. Vegetation.
Norwegian Biodiversity Information Centre, 2006. 2006 Norwegian Red List.
NOU 2004: 28. Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (utkast til lov).
Delar av Naturevernlova (1970), Viltlova (1981), Convention on the Conservation of European Wildlife and Natural Habitats (The Bern Convention). The Convention on Biological Diversity.
Andersen, R., Linell, J.D.C., Brainard, S. & Hustad, H. (eds.) 2003. Large Predators and Human Communities in Norway. A Guide to Coexistence for the 21st Century – NINA.
Lista er ikkje fullstendig.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2008

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010