Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL470 Utplassering med prosjektrapport  

PL470 Utplassering med prosjektrapport

Kode
PL470

Norsk namn
Utplassering med prosjektrapport

Engelsk namn
Placement with Case Study

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i studiet "Fjordarv, naturvern og landskapsforvaltning på Vestlandet" (Fjord Heritage).

Semester
Vår blokk 3

Forkunnskapar

Gjennomført emna PL 471 Kulturlandskap og kulturarv og PL472 Naturvern.

Læringsmål

Gje studentane innsikt i forvaltning av natur og kulturarv eller formidling av verdiane knytt til natur- og kulturlandskap eller kulturmiljø gjennom praksis ved relevant arbeidsplass.

Innhald/oppbygging

Studentane skal arbeide i ein institusjon med oppgåver innanfor naturvern eller kulturminneforvaltning / kulturlandskap. Studentane vel sjølve kva fagområde dei ønskjer å arbeide med. Arbeidsplassen kan vere forvaltning av nasjonalparkar eller andre verneområde, naturfaglege senter eller museum, friluftsmuseum eller liknande. Studentane skal arbeide på institusjonen om lag ein månad. I denne perioden skal dei samle data til ei prosjektoppgåve. Problemstillinga for prosjektoppgåva skal utarbeidast i samråd mellom vertsinstitusjonen, studenten og rettleiar ved HSF. Studentane skal levere prosjektoppgåva til HSF før 15. juni.

Arbeidskrav

Utføring av avtalte arbeidsoppgåver ved vertsinstitusjonen i om lag ein månad.

Sluttvurdering

Individuell prosjektoppgåve.

Greidd / Ikkje greidd