Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL461 Kulturlandskapsskjøtsel  

PL461 Kulturlandskapsskjøtsel

Kode
PL461

Norsk namn
Kulturlandskapsskjøtsel

Engelsk namn
Cultural Landscape Management

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

Semester
Haust blokk 1

Forkunnskapar

Emnet byggjer på PL 471 Landskapets kulturarv

Innhald/oppbygging

Kulturhistoriske element og økologiske og prosessar i kulturlandskapet. Skjøtsel av kulturlandskap og kulturminne, økonomiske- og juridiske verkemiddel og forvaltningsprinsipp / nivå.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, videopresentasjonar og ekskursjonar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
- ha kunnskap om kulturlandskap og økologiske prosessar for å vurdere eigna skjøtsel for ulike kulturlandskap og kulturmarkstypar som er forma gjennom tradisjonell landbruksdrift.
- kunne utarbeide skjøtselsplanar for kulturlandskap på ulike grunnlag.
- ha røynsle i konkrete restaurerings- og skjøtselsteknikkar.

Ekskursjonar

Heil- og halvdagsekskursjonar, 5 dagar.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonar med godkjent ekskursjonsrapport.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Norderhaug, A., Austad, I., Hauge, L. og Kvamme, M. 1999: Skjøtselshandboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker. Landbruksforlaget.
Fagartiklar/kompendium (Blir oppgitt ved kursstart)

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
16.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010