Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL436 Reguleringsplanlegging  

PL436 Reguleringsplanlegging

Kode
PL436

Norsk namn
Reguleringsplanlegging

Engelsk namn
Local Development Planning

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og Fornybar energi (Fordjuping i geofag og planfag).

Semester
Haust blokk 3

Forkunnskapar

Emnet byggjer på PL 416 Landskapsanalyse og PL432 Arealplanlegging.

Innhald/oppbygging

Områderegulering og detaljregulering som verktøy i fysisk planlegging. Bruk av ulike typar reguleringsplanar i ulike planleggingssituasjonar. Stadanalyse. Planlegging av bustadområde. Samråd og medverknad i planprosessar. Byggesakshandsaming. Stor vekt på praktisk prosjektarbeid. Studentane skal ugjennomføre ei detaljregulering som prosjektarbeid i gruppe.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar, praktisk prosjektarbeid i grupper.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
- kunne utarbeide enkle reguleringsplanar.
- kjenne mogelegheiter og avgrensingar i områderegulering og detaljregulering som planverktøy.
- kunne gjennomføre ei analyse av planområdet som er tilpassa plansituasjonen.
- kunne planlegge eit område der det vert teke omsyn til kvalitetane i planområdet, med planløysingar som sikrar god kvalitet på utomhusareal, og tenlege trafikkløysingar.

Ekskursjonar

1 dag.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Presentasjon av prosjektoppgåve.

Deltaking i ekskursjon.

Sluttvurdering

Prosjektoppgåve. Bokstavkarakter.

Pensum

Miljøverndepartementet : Rettleiingar, rundskriv og rapportar. Vert oppgjeve ved kursstart.
Heiberg,E. 1999: Planlegging i kulturlandskapet. Når bruk og vern skal kombineres. Landbruksforlaget. 128s.
Ytterlegare pensum vert oppgjeve ved oppstart av emnet.

Med atterhald om endringar.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
22.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010