PL432 Arealplanlegging

Kode
PL432

Norsk namn
Arealplanlegging

Engelsk namn
Land use Planning

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogramma i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og Fornybar energi (Fordjuping i geofag og planfag).


Semester
Haust blokk 2

Forkunnskapar

Emnet byggjer på GE413 Kartlære og GIS og PL416 Landskapsanalyse.

Innhald/oppbygging

Innføring i kommunal planlegging med hovudvekt på arealplanlegging etter Plan- og Bygningslova. Utarbeiding av kommunedelplan som prosjektoppgåve i gruppe.
Innhaldet i emnet omfattar: Kommuneplanlegging, fylkesplanlegging, planleggingsteori, datagrunnlag, lovgrunnlag og metodar for fysisk planlegging. Politiske målsetjingar, brukarinteresser og konfliktar i kommunal arealplanlegging. Konsekvensutgreiing.
Geografisk vert det lagt særleg vekt på landsbygd med mindre tettstader og kystområde. Tematisk vert det lagt særleg vekt på natur- og miljøvenlege utbyggingsprinsipp.
Studentane skal utarbeide kommunedelplan som prosjektoppgåve.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar, praktisk prosjektarbeid i grupper.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:
- Kunne utarbeide ein kommunedelplan for eit geografisk avgrensa område i ein kommune.
- Ha det naudsynte grunnlaget for å kunne gjennomføre planprosessar og løyse kommunale arealplanleggingsoppgåver på oversiktsplannivå.
- Ha innsikt i utfordringar knytte til planlegging for bærekraftig utvikling gjennom drøftingar av samordna areal og transportplanlegging, jordvern, fortetting, klimatilpasning, naturvern og strandsoneforvaltning.

Ekskursjonar

To halvdagsekskursjoner til planområdet for prosjektoppgåva.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Presentasjon av prosjektoppgåve

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

PL432 Prosjektoppgåve
Bokstavkarakter.

Pensum

Fiskaa,Helge og Terje Skjeggedal (red.)2000: Planlegging og bærekraftig utvikling. Tapir forlag. (290s)
Miljøverndepartementet 2009. Lovkommentar til plandelen av ny Plan- og bygningslov
Plan og kart etter plan- og bygningsloven (Bare nettversjon)
Anna litteratur vert oppgjeve ved kursstart.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
22.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010