Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL425 Design, form og farge  

PL425 Design, form og farge

Kode
PL425

Norsk namn
Design, form og farge

Engelsk namn
Design, form and colour

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Vår blokk 1

Forkunnskapar

Ingen

Innhald/oppbygging

Innføring i formlære og fargeteori. Innføring i digital design, presentasjon og foto. Digitale verktøy og programvare. Landskapskunst.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og prosjektarbeid. Individuelt skapande arbeid med rettleiing.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter gjennomført emne skal studenten:
- ha kunnskap om formlære og fargeteori og ha ei forståing av korleis form og farge kan nyttast som virkemiddel i arbeid med design.
- kunne bruke både tradisjonelle og digitale verktøy til illustrasjon og skissearbeid i arbeid med design.
- ha erfaring og kunnskap om arbeid i ein designprosess og innsikt i stilhistorie.
- ha evne til å reflektere, vurdere og analysere eige og andre sine arbeid.
- ha kunnskap om landskapskunst som kunstnarleg uttrykksmiddel og vere i stand til å gjennomføre eit landskapskunstprosjekt.

Ekskursjonar

To utferder i samband med prosjekt.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Studentane må gjennomføre obligatoriske semesteroppgåve. Dei må gjennomføre og presentere eit landskapskunstprosjekt.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

Individuell utstilling med portefølje. Bokstavkarakter.

Pensum

Aktuelle fagartiklar og kompendium. Vert ppgjeve ved semesterstart.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010