Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL422 Kommunal forvaltning  

PL422 Kommunal forvaltning

Kode
PL422

Norsk namn
Kommunal forvaltning

Engelsk namn
Municipal administration

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
5,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Vår blokk 2

Forkunnskapar

Emnet byggjer på PL 432 Arealplanlegging og PL 472 Naturvern

Innhald/oppbygging

Det lokale sjølvstyret. Kommuneorganisasjonen: Oppgåver, struktur og verkemåte. Tilhøvet mellom stat og kommune. Offentleg sakshandsaming, Forvaltningslova, Offentligheitslova. Kommunalt miljøvern.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og oppgåveløysing.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha ei grunnleggjande forståing for kommunen som organisasjon og ha ferdigheiter i korrekt, offentleg sakshandsaming.

Ekskursjonar

Delta som tilhøyrar på kommunestyremøte.

Arbeidskrav

Å utarbeide ei saksutgreiing og legge denne fram i klassen.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Bukve, Oddbjørn, 1997. Kommunal forvaltning og planlegging (3.utg.), Samlaget.
Bernt, Jan Fridthjof og Ørnulf Rasmussen, 2010. Frihagens forvaltningsrett, 2. utgåve, Fagbokforlaget
Kommunelova
Forvaltningslova
Offentleglova
Anna pensumlitteratur vert oppgjeve ved oppstart av emnet.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
22.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
22.04.2010