PL416 Landskapsanalyse

Kode
PL416

Norsk namn
Landskapsanalyse

Engelsk namn
Landscape Analyses

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Haust blokk 2


Læringsmål

Studentane skal etter gjennomgått emne kjenne til ulike metodar for landskapsanalyse som: landskapsoppleving, analyse av natur- og kulturtilhøve, og visuell landskapsanalyse, og sjølv vere i stand til å utføre analysar og leggje fram stoffet munnleg og skriftleg.

Innhald/oppbygging

Landskapsomgrep. Persepsjon og landskapsoppleving. Landskapsutvikling og landskapshistorie. Landskapsendringar og landskapsdynamikk. Landskapstypar. Landskapsanalyse for vurdering av landskapskarakter og landskapsverdi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, feltarbeid, gruppearbeid. Ei skriftleg oppgåve.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter gjennomført kurs skal studentane kunne gjennomføre landskapsanalysar generelt og spesielt i samband med store landskapsinngrep i tråd med Plan- og bygningsloven. Ferdigheter i landskapsanalyse skal inngå som ein del av stadsanalysar for mindre og større tettstadar og byar.

Ekskursjonar

Feltarbeid 4 dagar

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Studieopphald i utlandet

Deltaking på ekskursjonar/feltarbeid.

Sluttvurdering

Evaluering av oppgåve i ”Landskapsanalyse”. Bokstavkarakter.

Pensum

Førelesningsnotat.

Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren 2010. Landskapsanalyse. Fremgangsmåte for vurdering av landskapskarakter og landskapsverdi.
Oppdatert, aktuell faglitteratur og artikler.

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
07.04.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010