PL412 Landskapsinngrep

Kode
PL412

Norsk namn
Landskapsinngrep

Engelsk namn
Landscape Encroachments

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Emne i bachelorstudium i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Vår blokk 2

Forkunnskapar

PL 416 Landskapsanalyse

Innhald/oppbygging

Landskapskonvensjonen. Landskapskonsekvensar av vegbygging, vasskraftutbygging, vindmølleparkar, massetak og større rekreasjonsanlegg (hytteområde, alpinanlegg, golfanlegg). Konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova. Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Slitasje på vegetasjon. Gjennomgang av grøntanlegg.

Prosjektoppgåva omfattar ei vurdering av dei visuelle og økologiske konsekvensane av eit landskapsinngrep / rekreasjonsanlegg. Oppgåva skal omfatte analyse av landskapet med nær- og fjernverknad av inngrepet / anlegget, ei utgreiing av ulike konsekvensar, og eit framlegg til eventuelle forbetringar med kommentarar der terrenginngrep vert vurderte.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og ekskursjonar. Individuell oppgåve.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter gjennomført kurs skal studentane vere i stand til å kunne vurdere ulike planframlegg som gjeld store landskapsinngrep særleg med omsyn til visuelle og økologiske konsekvensar, og sjølv vere i stand til å kunne utføre slike analysar i ein plansamanheng. Studentane skal også vere i stand til å utføre kartlegging av grønstrukturar i byar og tettsteder, og kunne foreslå forbetringstiltak.
Studentane skal kunne gjere greie for landskapsøkologiske og terrengmessige konsekvensar av ulike landskapsinngrep.

Ekskursjonar

Tre dagsekskursjonar til aktuelle planområde.

I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar.

Arbeidskrav

Godkjend rapport frå ekskursjonar.

Deltaking på ekskursjonar.

Sluttvurdering

Prosjektoppgåve. Bokstavkarakter

Pensum

Oppdaterte fagartiklar og fagrapportar..

Pensum sist oppdatert av
Helge Hustveit

Pensum sist oppdatert dato
30.03.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
12.05.2010